Korleis skape eit grønt skifte?

Det grøne skiftet – kva er det?
Det grøne skiftet kallar vi den endringa av samfunnet og økonomien som er nødvendig for at vi skal leve meir miljøvennleg og berekraftig. Omgrepet har ikkje ein presis definisjon. Men alle er likevel einige om at målet er å skape eit meir berekraftig samfunn fordi det er heilt nødvendig.
Overgangen til eit lågutsleppssamfunn med mykje mindre ressursbruk, fornybare energiressursar og rettferdig fordeling vil krevje store endringar i heile samfunnet.
Årsakene til at eit grønt skifte er nødvendig, kan du lese meir om i desse artiklane:
Korleis skal vi nå målet?
For å få til eit grønt skifte må vi redusere det økologiske fotavtrykket. Men må vi òg ha ein reduksjon i økonomien for å leve berekraftig?
Figuren viser at både grå vekst og grå nedvekst fører til ein auke i økologisk fotavtrykk (den vassrette aksen). Alle er einige om at vi må bort frå den grå sida. Men kan vi både redusere det økologiske fotavtrykket (den vassrette aksen) og ha økonomisk vekst (den loddrette aksen)? Eller må vi redusere den økonomiske veksten for å redusere det økologiske fotavtrykket og leve meir berekraftig?
Grøn vekst – den beste løysinga?

Overgangen til elbilar er eit godt døme på grøn vekst. Her har vi ein ny og betre måte å produsere bilar på som skaper økonomisk vekst og reduserer det økologiske fotavtrykket, altså grøn vekst. Med grøn vekst klarer vi å kople den økonomiske veksten frå auka økologisk fotavtrykk.
Spørsmålet er om det er realistisk at vi skal klare dette i så stor grad at forbruket vårt blir berekraftig.
Grøn nedvekst – den mest realistiske løysinga?
Nokre meiner at grøn vekst er urealistisk fordi mange tiårs kamp mot auka ressurs- og energibruk ikkje har ført til ein reduksjon i økologisk fotavtrykk (Aall, 2020). Dei meiner grøn nedvekst (òg kalla motvekst eller berre nedvekst) er enklare og meir realistisk.
Då må først og fremst godt utvikla vestlege land forbruke mindre, og kanskje kan vi gjere dette utan at det går ut over livskvaliteten vår? Utfordringa med nedvekst er at det kan få negative konsekvensar for nokre når økonomien blir redusert.

Ulike aktørar må bidra og samarbeide

Ein måte å dele aktørane på er næringslivet, privatpersonar og staten.
Elbilrevolusjonen er eit godt døme på samarbeid mellom desse aktørane: Næringslivet skapte nye spennande elbilar. Privatpersonar var interesserte i nye og meir berekraftige bilar. Staten la til rette med økonomisk støtte gjennom momsfritak og gratis bom og gunstige reglar, som tilgang til å bruke kollektivfeltet.
Vi skal sjå litt nærare på kva dei ulike aktørane kan gjere i eit grønt skifte.
Staten
Gjennom å lage rammer for kva som er lov, kva som skal koste, og kva som skal givast støtte, har staten stor påverknadskraft i det grøne skiftet. Staten kan påverke på fleire måtar:

Lover og reglar: Staten kan styre kva som skal vere lov å gjere både for privatpersonar og næringslivet. Kor store utslepp kan vi ha, og kor godt merkte må varer vere?
Skattar og avgifter: Skattar og avgifter kan få ned forureining, klimagassutslepp og unødvendig nedbygging av natur.
Subsidiar og støtte: Økonomisk støtte eller subsidiar kan gjere klimavennlege eller berekraftige alternativ meir attraktive.
Offentlege anskaffingar: Kvart år kjøper staten inn varer, tenester og bygg- og anleggsarbeid for store summar. Strenge krav til utslepp og miljøomsyn tvingar fram nye og meir miljøvennlege løysingar.
Næringslivet
Det er næringslivet som produserer og sel dei varene og tenestene som utgjer forbruket. Næringslivet er alt frå den lokale kaféen til store globale selskap som Tesla og Meta.
Næringslivet kan ta produsentansvar og gjennomføre livsløpsvurderingar for å gjere produkta og tenestene sine meir berekraftige i tråd med sirkulær økonomi. Ofte har dei globale verdikjeder, som gjer at dei kan påverke kor strenge krav dei skal setje til berekraft.
Privatpersonar

Vi som privatpersonar påverkar dei rundt oss gjennom korleis vi lever liva våre. Vi påverkar næringslivet gjennom forbrukarmakta vår, og vi påverkar korleis staten blir styrt gjennom val.
Vi menneske speler ofte ei viktigare rolle enn vi trur når store samfunnsendringar skal gjennomførast. Kva du og eg gjer, kan få ringverknader utover oss sjølve (Østli, 2015).
Test deg sjølv
Relatert innhald
I denne artikkelen lærer du om FNs berekraftsmål og korleis vi kan følge med på utviklinga mot dei ulike måla.
I denne oppgåva skal du først høyre ein podkast om grøn vekst versus nedvekst. Deretter skal du reflektere rundt dette.