Korleis bergartar blir danna

Berggrunnen
Berggrunnen er den faste delen av jordskorpa og består av mange ulike bergartar som har blitt danna over lang tid. Bergartar er bygde opp av mineral, som består av ulike grunnstoff. Minerala ein bergart inneheld, bestemmer korleis han ser ut, og kva eigenskapar han har. Når berggrunnen blir broten ned til grus, sand og jord, kan minerala gi næring til plantar og bidra til fruktbar jord.
Tre hovudtypar bergartar
Vi deler bergartar inn i tre hovudtypar etter korleis dei blir til:
magmatiske bergartar (størkningsbergartar)
sedimentære bergartar (avsetjingsbergartar)
metamorfe bergartar (omdanna bergartar)
Film: Dei tre bergartstypane
I filmen (lengde 7:43) får du eit innblikk i korleis dei ulike bergartstypane kan fortelje ei historie om korleis landskapet har blitt danna.
Magmatiske bergartar

Magmatiske bergartar er knytte til vulkansk aktivitet og blir danna når magma blir avkjølt og størknar. Dei blir òg kalla størkningsbergartar eller eruptive bergartar. Nokre bergartar størknar djupt nede i jorda (djupbergart), andre i sprekkar på veg opp (gangbergart) og nokre heilt oppe ved jordoverflata (dagbergart).
Eit vanleg kjenneteikn ved magmatiske bergartar er at dei har eit prikkete mønster fordi minerala i steinen størknar i ulik fart. Prikkane kan variere i storleik og form.
Granitt er ein vanleg magmatisk djupbergart som består av minerala kvarts, feltspat og glimmer.
Sedimentære bergartar

Sedimentære bergartar blir òg kalla avsetjingsbergartar. Desse blir danna ved at lausmassar som grus, sand og leire legg seg lag på lag oppå kvarandre. Dette fører til at trykket og temperaturen aukar, noko som gjer at lausmassane blir pressa saman til harde bergartar over tid. Denne prosessen skjer på havbotnen eller i innsjøar.
Slike bergartar har ofte ei tydeleg lagdeling og kan òg innehalde fossil.
Sandstein, leirskifer og kalkstein er døme på sedimentære bergartar.
Metamorfe bergartar

Metamorfe bergartar har bergartar som har blitt omdanna. Omdanninga kan skje på fleire måtar, anten gjennom auka trykk og/eller høg temperatur. Dette fører til at når litosfæreplater kolliderer og lag med bergartar blir pressa ned under jordskorpa, kan strukturen og mineralinnhaldet i bergarten forandre seg.
Metamorfe bergartar blir kjenneteikna ved at dei har tydelege striper eller linjer, og av og til ser det òg ut som desse er bøygde eller falda.
Gneis og marmor er vanlege metamorfe bergartar som vi finn fleire stader i Noreg.
Bergartkrinsløpet
Bergartane blir danna på ulike måtar, men heng saman i eit krinsløp mellom indre og ytre krefter.
Magma frå jordas indre strøymer opp gjennom jordskorpa og dannar magmatiske bergartar. Ytre krefter som isbrear og elver bryt berggrunnen ned til lausmassar som blir frakta til innsjøar eller hav, og kan pressast saman til sedimentære bergartar over tid. Bergartar som blir utsette for høgt trykk eller varme, til dømes ved platetektonikk eller nedsøkking i mantelen, kan bli metamorfe bergartar.
Bruk figuren til å undersøke krinsløpet nærare.
Bergartane følger ikkje alltid denne rekkefølga frå flytande magma til danning av magmatiske bergartar og vidare til sedimentære bergartar og nye omdanna bergartar. Såkalla "snarvegar" kan oppstå.
Til dømes kan ein magmatisk bergart utsetjast for høgt trykk eller temperatur og bli omdanna til ny bergart, eller ein metamorf bergart kan brytast ned til lausmassar. På den måten kan bergartar stadig forvandlast utan å følge heile krinsløpet.
Noregs geologi
Den norske berggrunnen kan fortelje ei spennande historie om korleis landet vårt vart til. Mykje av berggrunnen er veldig gammal og blir kalla for grunnfjellet. Grunnfjellet vart danna tidleg i jordas historie og har vore gjennom mange endringar som kan koplast til platetektonikk.
I den norske berggrunnen finn vi fleire spor av både magmatiske, sedimentære og metamorfe bergartar; dei kan fortelje geologiske historier om kva som har skjedd i landet vårt.
Kvifor finst det ulike bergartstypar i Noreg?
Over fleire 100 millionar år har tjukke lag med lausmassar som sand, leirar og kalk blitt avsett i havet og herda saman til sedimentære bergartar. Kolliderande litosfæreplater har ført til at desse laga med bergartar har blitt skyvde opp og blitt ein del av landoverflata.
Ei sentral hending som òg har prega landoverflata, var då Noreg kolliderte med Grønland for cirka 430 millionar år sidan. Kollisjonen danna ei svær fjellkjede, den kaledoniske fjellkjeda. Trykk og varme frå denne kollisjonen førte til at bergartar i Noreg vart omdanna til metamorfe bergartar. Fjellkjeda er i dag sliten ned, men vi kan framleis finne spor etter omdanna bergartar frå denne perioden.
Den norske berggrunnen har i tillegg blitt påverka av oppsprekking av landoverflata. I det som blir kalla Oslofeltet, sokk jordskorpa inn og danna ei rift med sprekkar i berggrunnen. Her kan vi finne spor etter magmatiske bergartar frå vulkansk aktivitet som skjedde for rundt 300–250 millionar år sidan.
Kvifor ser landskapet i Noreg akkurat slik ut?
Landskapet vi har i Noreg i dag, er forma av både dei gamle geologiske prosessane i samband med indre krefter og platerørsler, men òg av nyare ytre krefter. Dette kan du lese meir om i fagartikkelen "Noregs landskap – ei geologisk tidsreise".
Test deg sjølv
Kan du kjenne igjen ulike bergartstypar etter kjenneteikn som du no har lært?