Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Er teknologien berekraftig?

Elbilrevolusjonen i Noreg har blitt hylla, og no er nesten alle nye bilar elektriske. Men kor berekraftig er eigentleg elbilen? Kva med rekyleffekten eller målkonfliktar? No skal du få velje ein teknologi som interesserer deg, og vurdere kor berekraftig han eigentleg er.

Introduksjon

Undersøk ein teknologi kvar og vurder kor berekraftig han er. For å løyse oppgåva er det to fagartiklar som er nyttig å ha jobba med på førehand eller bruke undervegs:

Tips til læraren

Denne oppgåva kan skalerast opp og ned som ein ønsker. Det kan vere ei kort introduksjonsoppgåve, eller ho kan brukast som ei større fordjupingsoppgåve.

Det kan òg vere fint å knyte oppgåva til emnet Forbruk og òg bruke artikkelen "Ulike mål på forbruk og berekraft". Der står det mellom anna litt om livsløpsvurderingar, som kan vere relevant å trekke inn.

A. Individuelt arbeid

Målet med denne oppgåva er ikkje å komme fram til eit fasitsvar, men at du skal øve på å tenke og vurdere sjølv. Derfor tilrår vi at du først tenker sjølv og skriv ned eigne tankar til kvart spørsmål. Om du har tid, kan du søke opp meir informasjon på nettet etterpå.

  1. Vel ein teknologi du synest er interessant. Du kan bruke ei brei forståing av kva teknologi er. Her er nokre forslag til teknologiar du kan velje: vindmøller, smarttelefon, fossilbil, elbil, boktrykkarkunsten, dampmaskin, kunstgjødsel, antibiotika, kjernekraft, elektrisitet, elsparkesyklar, hjulet eller kunstig intelligens.

  2. Undersøk korleis teknologien kan ha bidrege innanfor dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling:

    • Klima- og miljødimensjonen: Korleis påverkar teknologien klimagassutslepp og måten vi bruker naturen og naturressursar på?

    • Den sosiale dimensjonen: Bidreg teknologien til betre sosiale forhold og eit meir rettferdig samfunn? Kan han bidra til at fleire får god helse eller tilgang til utdanning?

    • Den økonomiske dimensjonen: Kan teknologien bidra til at folk får arbeid og ei anstendig lønn? Kan han bidra til ei meir rettferdig fordeling?

  3. Vurder korleis du trur rekyleffekten kan ha vore for akkurat denne teknologien då han vart funnen opp og utbreidd. Bidrog teknologien til auka forbruk og auka energibruk på noko vis?

  4. Skapte teknologien nokon synergieffektar og målkonfliktar? Kan teknologien ha ført med seg nokon positive synergieffektar, eller kan han ha skapt nokon målkonfliktar og påverka eit område positivt, men eit anna område negativt?

B. Arbeid i grupper

  1. Gå saman i grupper på tofire personar per gruppe.

  2. Éin og éin presenterer teknologien sin og sine vurderingar rundt kor berekraftig han har vore. Kom gjerne innom alle dei tre dimensjonane. Ta òg med vurderingane rundt rekyleffektar, synergieffektar og moglege målkonfliktar.

  3. Etter at ein teknologi er presentert, tek de ein samtale i gruppa. Klarer de å komme på fleire fordelar ved teknologien og fleire moglege ulemper?

  4. Til slutt prøver de å komme med forslag til noko som kunne gjort teknologien meir berekraftig, til dømes ved å forsterke synergieffektane eller tiltak som kunne bremsa eller hindra målkonfliktane.

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 10.04.2026