Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Berekraftsskala og diskusjon

I denne oppgåva skal klassen først ta stilling til ulike påstandar om forbruk og berekraft. Etterpå skal de diskutere nokre av påstandane i mindre grupper.

1. Berekraftsskalaen

  1. Heile klassen stiller seg midt i klasserommet. Den eine sida av klasserommet representerer "heilt einig". Den andre sida representerer "heilt ueinig". Resten av klasserommet er ein skala mellom desse ytterpunkta.

  2. Læraren les opp ein og ein av påstandane (sjå under).

  3. Når læraren har lese opp ein påstand, må kvar elev velje kvar hen vil stille seg på skalaen.

  4. Når alle har valt kvar dei vil stå, kan de gjerne reflektere litt rundt påstanden og korleis klassen valde å stille seg. Prøv å få fram nokre av nyansane ved påstanden og kvar de har plassert dykk. Det bør òg vere lov å forandre plassering når ein høyrer ulike argument.

Påstandar om berekraft og forbruk

Liste med alle påstandane

  • Det er umogeleg å leve berekraftig i eit samfunn som heile tida prøver å få oss til å kjøpe meir.

  • Det må bli enklare å leve berekraftig, og det er politikarane som må gjere det enklare.

  • Ingen treng å ete kjøtt.

  • Ungdommar bryr seg meir om å ha kule klede og ny mobil enn om kloden dei skal arve.

  • Å eige stor bustad og bil handlar mest om status, ikkje behov.

  • Det bør bli mykje dyrare å eige og bruke privatbil slik at fleire bruker kollektivtransport og sykkel.

  • Det er betre å kjøpe brukt enn nytt, same kva det er.

  • Det er ikkje mogleg å vere både rik og leve berekraftig.

  • Dei som har mest pengar, har òg størst ansvar for miljøet.

  • Det eg gjer for å leve meir berekraftig, betyr ingenting i den store samanhengen.

  • Alle klede og ting vi kjøper, bør vere laga for å vare i minst fem år.

  • Det er viktigare å gjere litt enn å gjere alt perfekt når det gjeld berekraft.

  • Eg kunne godt eigd halvparten av det eg eig, utan at det påverkar kor bra eg har det.

2. Diskusjon

Gå saman i grupper på tre–fire elevar. Vel to–fire av påstandane over. Diskuter ein og ein påstand. For kvar påstand de diskuterer, skal de gjere følgande:

  • Skriv ned stikkord til diskusjonen.

  • Prøv å sjå saka frå fleire sider. Kom med argument både for og imot, eller ut frå flest mogleg ulike perspektiv.

  • Diskuter: Er det noko i påstanden som burde ha vore tydelegare avklart eller definert?

  • Til slutt skal de prøve å bli einige om ein felles konklusjon på påstanden. Klarer de å formulere ein konklusjon som alle på gruppa kan vere einige om?

Tips til læraren

Det er mogleg å utvide denne oppgåva og la diskusjonen vere utgangspunktet for ei litt større vurdering der elevane går i djupna og undersøker ein av påstandane nærare.

Vi har valt å legge opp diskusjonane her på éin måte, men det finst mange ulike måtar å diskutere på. Her er nokre forslag som de òg kan bruke:

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 12.09.2025