Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald
Video

Uønskte hendingar

Kva kan gå gale? Kartlegging av uønskte hendingar er ein viktig del av sikkerheitsarbeidet til ei verksemd. Om vi har oversikt over kva som kan gå gale, er det enklare å setje inn målretta tiltak som kan førebygge uønskte hendingar.

Kva er ei uønskt hending?

Ei uønskt hending er noko som kan skje, men som vi helst vil unngå. Det kan vere ulykker, alvorlege hendingar som kunne ha ført til ulykker, eller hendingar som gir avvik frå ønskt drift.

Konsekvensen av uønskte hendingar

Uønskte hendingar kan føre til

  • skade på liv og helse

  • materielle skadar og økonomiske tap

  • skade på omdømme

Uønskte hendingar i form av ulykker som fører til skade på liv og helse, er dei mest alvorlege. I sikkerheitsarbeidet må vi alltid prioritere menneska og sørge for at vi varetek tryggleiken til kundar, gjestar og eigne tilsette.

Eit tjuveri er eit døme på ei uønskt hending som gir økonomisk tap, mens dårleg kundebehandling er eit døme på ei uønskt hending som kan skade omdømmet til verksemda.

Brann er eit døme på ei uønskt hending som både kan føre til skade på liv og helse og gi materielle skadar og økonomiske tap. Nedanfor er det lista opp ei rekke uønskte hendingar. Plasser hendingane ved den eller dei konsekvensane du trur dei ulike uønskte hendingane kan ha.

Årsaka til uønskte hendingar

Ofte kjem uønskte hendingar av ein kombinasjon av fleire årsaker. Nokre årsaker som kan føre til uønskte hendingar, er

  • tekniske feil – til dømes problem med betalingsterminal

  • mangelfulle rutinar – til dømes for kundeoppfølging

  • menneskelege feil – til dømes at feil varer blir lagde på kjølerommet

  • eksterne forhold – til dømes straumbrot eller transportforseinkingar

Kartlegge uønskte hendingar

Å kartlegge uønskte hendingar er det første vi gjer i ein risikoanalyse. Vi må få ei oversikt over kva som kan gå gale i verksemda. Med ei slik oversikt kan vi setje inn målretta førebyggande tiltak for å redusere sjansane for at ulike uønskte hendingar skjer, og vi kan lage tiltaksplanar for kva vi skal gjere om ei uønskt hending skjer.

Dei ansvarlege i nyetablerte verksemder må undersøke kva for uønskte hendingar som finst i bransjen, og dei må tenke gjennom kva for konkrete uønskte hendingar som kan skje i akkurat deira verksemd.

For verksemder som har vore i drift nokre år, er avviksmeldingar ei god kjelde når dei skal kartlegge uønskte hendingar. Avviksmeldingar er registrering av uønskte hendingar som allereie har funnest i verksemda.

Avviksmeldingar

Det finst mange ulike typar avvik i ei verksemd. Det kan vere manglande etterleving av lovfastsette krav, dei fastsette rutinane i verksemda eller andre kritikkverdige forhold.

Tilsette blir oppfordra til å registrere avvik i dei interne systema for verksemda for avviksregistrering.

Formålet med å rapportere avvik er å kunne rette opp og forhindre uønskte hendingar i framtida. Ved til dømes å rapportere om brot på sikkerheitsrutinar kan dette utbetrast før det fører til ei ulykke.

Rapportering av uønskte hendingar er viktig fordi det bidreg til å førebygge ulykker og feil, skape ein trygg arbeidskultur og sikre at verksemda oppfyller lovpålagde krav. Når du rapporterer, hjelper du tilsette i organisasjonen med å lære av nestenulykker og andre hendingar som kunne ha gått gale. Slik kan tiltak setjast i verk og liknande situasjonar bli unngått.

Døme på avviksmeldingar

  • Butikk – kjølevarer som har blitt øydelagde på grunn av straumbrot

  • Hotell – misnøye frå ein gjest som fekk feil type rom

  • Restaurant – ein gjest som blei sjuk fordi allergen ikkje blei opplyste tydeleg

  • Reisebyrå – manglande informasjon ut til kundar etter ein kansellert flyavgang

Handtering av uønskte hendingar

Når ei uønskt hending skjer, er det viktig å avgrense konsekvensane ved å reagere raskt og rett:

  • Sikre personar først: Helsa til kundar og tilsette går alltid føre.

  • Avgrens skaden: Stans feilen eller hindringa så godt du kan.

  • Informer: Kundar og kollegaer må få tydeleg informasjon om kva som skjer.

  • Lær av hendinga: Hendinga må evaluerast, og ansvarlege i verksemda må vurdere kva for tiltak som kan setjast i verk for å hindre gjentaking.

Diskuter

  • Nemn tre uønskte hendingar som kan skje i ein daglegvarebutikk.

  • Kva bør ein tilsett i resepsjonen gjere dersom datasystemet sluttar å fungere?

  • Kvifor er det viktig å lære av uønskte hendingar?

Ekstern rapportering av uønskte hendingar

Nokre uønskte hendingar er verksemder pålagde å rapportere til styresmaktene. I tabellen nedanfor ser du døme på ulike hendingar som skal rapporterast, og kva tilsyn det skal rapporterast til.

Rapportering

Type verksemder

Uønskte hendingar

Tiltaksstyresmakter

Daglegvarebutikkar

alvorlege avvik knytte til mattryggleik, som funn av skadedyr eller feilmerking av varerMattilsynet
Nettbutikkarkundedata som har komme på avvegar (brot på personvern)Datatilsynet
KontorverksemderarbeidsulykkerArbeidstilsynet
Rekneskapskontormistenkeleg økonomisk aktivitet (kvitvasking)Økokrim
Vaktselskapalvorlege valdshendingarPolitiet
HotellbrannBrannvesenet
Reiseselskapalvorleg smitte blant gjester i utlandetFolkehelseinstituttet (FHI)
Underhaldningsparkarulykke på ein attraksjonJernbanetilsynet

Døme: Underhaldningsparkar

Underhaldningsparkar er regulerte av tivolilova, og må rapportere om uønskte hendingar til Statens jernbanetilsyn.

Utdrag frå tivolilova

§ 10.Rapporteringsplikt

Virksomheten skal rapportere opplysninger om ulykker, alvorlige hendelser og hendelser til tilsynsmyndigheten og undersøkelsesmyndigheten.

Ulykker og alvorlige hendelser skal rapporteres skriftlig til tilsynsmyndigheten og undersøkelsesmyndigheten så snart som mulig og senest innen 72 timer. Rapportering skal skje på skjema fastsatt av tilsynsmyndigheten og undersøkelsesmyndigheten i fellesskap.

Hendelser skal rapporteres til tilsynsmyndigheten innen åtte dager. Rapportering skal skje på skjema fastsatt av tilsynsmyndigheten.

Rapportering kan skje elektronisk.

I filmen nedanfor (lengde 2:23 ) blir uønskte hendingar delte inn i tre kategoriar:

  • Ulykker – hendingar som fører til død eller alvorlege personskadar

  • Alvorlege hendingar – når det skjer noko som kunne ha ført til ei ulykke

  • Hendingar – alt som er avvik frå normal drift eller normale forventningar

Video: Statens jernbanetilsyn / CC BY-NC-ND 4.0

Diskuter

  • Kva for hendingar skal underhaldningsparkar rapportere inn til Statens jernbanetilsyn?

  • Kvifor er det viktig at hendingane blir rapporterte?

Kjelder

Statens jernbanetilsyn. (u.å.). Rapporter uønskede hendelser i en fornøyelsesinnretning. Henta 10. september 2025 frå https://www.sjt.no/fornoyelsesinnretninger/sikker-drift/rapportere-uonskede-hendelser-fornoyelsesinnretning/

Lov om fornøyelsesinnretninger (tivolilova) (lov 22. mai 2017 nr. 30) § 4. Henta 10. september 2025 frå Lovdata: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2017-05-22-30/KAPITTEL_1#%C2%A74

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 18.11.2025