Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Stockholm – oppgåver til filmen

Filmen nedanfor (lengde 01:31:48) frå 2018 handlar om ein bankranar som ønskjer å få den beste vennen sin ut av fengsel. Situasjonen utviklar seg i ganske uventa retningar. Vi får sjå ulike sikringstiltak som er i funksjon mens politiet prøver å få kontroll over ein høgst uvanleg gisselsituasjon.

Oppgåve 1 – før du ser filmen

  1. Skriv ned kva sikringstiltak som høyrer til dei ulike sikringsgruppene.
  2. Diskuter med ein medelev: Er de samde om kva sikringsgrupper dei ulike tiltaka høyrer heime i?

Har du behov for litt starthjelp, kan du sjå i boksen nedanfor.

Døme på tiltak i dei ulike sikringsgruppene

  • tekniske tiltak: kamera, alarm
  • fysiske tiltak: dører, gjerde, skåp
  • manuelle tiltak: vektartenester
  • administrative tiltak: opplæring

Nokre gonger kan det verke som eit tiltak passar inn i fleire grupper. Kvar høyrer til dømes ein lås heime? Tenk då gjennom: Er det ein vanleg lås med nøkkel (fysisk), eller er det ein kodelås med fingeravtrykkslesar eller kodebrikke (teknisk)? Slike detaljar vil fortelje deg kva gruppe låsen høyrer heime i.

Nokre gonger vil du òg merke at fleire tiltak verkar saman. Døme på dette er når ein bruker både vanleg lås (fysisk sikring) og kodebrikke (teknisk sikring) på same inngang, eller når det er vektaren (manuell sikring) som låser inn verdiane (fysisk sikring).

Oppgåve 2 – mens du ser filmen

Filmen handlar ikkje om ein vanleg dag på jobben for politiet, men han viser ei rekkje sikringstiltak som er i funksjon mens politiet prøver å få kontroll over gisselsituasjonen.

  1. Sjå filmen.
  2. Finn og identifiser så mange tiltak du kan, i filmen. Noter dei i skjemaet du kan laste ned nedst på sida her.

Dersom du oppdagar fleire tiltak som verkar saman, kan du skrive at dei gjeld same hendinga, til dømes slik:

Skjema med døme på sikringstiltak

Tiltak

Hending i filmen

Tilleggsopplysningar

manuelt

politimannen lukkar kvelven

Desse to er same hendinga.

fysisk

låst kvelv

Prøv å vise tydeleg kva hending i filmen du viser til.

  • Skjema til oppgåva om filmen Stockholm

  • Skrive av Anki Olsen.
    Sist oppdatert 09.02.2026