Risikodiagram
Korleis bruker vi risikodiagrammet?
Risikodiagrammet hjelper oss med å berekne risiko, og synleggjere kvar verksemda må setje inn tiltak. Men for å kunne stole på risikoberekninga er vi avhengig av god kvalitet på vurderinga av sannsyn og konsekvens.
Vurdere sannsyn
Kor stort sannsyn er det for at ei gitt uønskt hending skal skje? Når vi skal vurdere sannsynet, må vi samle erfaringar, analysere verksemda og drifta, og kanskje støtte oss på statistikk.
Som døme kan vi sjå på den uønskte hendinga brann. Har verksemda vore utsett for brann tidlegare? Kor ofte er det brann hos tilsvarande verksemder? Er det noko med verksemda som gjer at dei er meir utsette for brann enn andre, som til dømes at dei bruker levande lys, og at dei har mykje brennbart materiale? Vi kan òg sjå på brannstatistikk frå Statistisk sentralbyrå.
Etter grundige vurderingar set vi eit tal på sannsynet frå 1 til 5, der usannsynleg er 1, lite sannsynleg 2, mindre sannsynleg 3, sannsynleg 4 og svært sannsynleg er 5.
Vurdere konsekvens
Kor store konsekvensar får det for verksemda om ei gitt uønskt hending skjer? Når vi skal vurdere konsekvensen, må vi òg samle erfaringar, analysere verksemda og kanskje støtte oss på statistikk.
Konsekvensen av ein brann vil variere frå verksemd til verksemd. Dei verksemdene som har størst konsekvens av ein eventuell brann, er dei kor resultatet er at menneskeliv kan gå tapt. Kor store materielle verdiar som kan gå tapt i ein brann, vil òg vere ulikt.
Etter grundige vurderingar set vi eit tal på konsekvens frå 1 til 5, der ubetydeleg er 1, mindre alvorleg 2, betydeleg 3, alvorleg 4 og svært alvorleg er 5.
Berekne risiko
Når vi har sett ein talverdi på sannsyn og ein talverdi på konsekvens, bruker vi risikodiagrammet for å finne talverdien og fargen på risikoen.
Har vi til dømes vurdert sjansane for brann til 2 og konsekvensen til 4, så ser vi at vi hamnar i ei gul rute med talet 8.
Følge opp med tiltak
Når vi bruker risikodiagrammet, er det enkelt å sjå kva for for uønskte hendingar vi bør følge opp med tiltak. Hamnar den uønskte hendinga i raud rute, må vi følge opp med tiltak. Kjem vi på gult, bør vi vurdere å setje i verk tiltak, og er vi på grønt, er det ikkje behov for å følge opp med tiltak.
I dømet ovanfor med brann bør verksemda, sidan dei hamna på gul, vurdere om det er tiltak som kan setjast i verk for å redusere anten sannsynet eller konsekvensen av ein eventuell brann.