Risikovurdering på praksisplassen

Oppgåve
I denne oppgåva kan det vere ein god idé å spørje leiaren på praksisplassen kva for nokon uønskte hendingar dei har, og korleis dei vurderer risiko og set opp tiltaksplanar. Men skriv gjerne ned dine eigne tankar før du spør på praksisplassen.
Del 1:
Skriv ein kort presentasjon av praksisplassen.
Del 2:
Kartlegg eksisterande sikkerheitstiltak
Korleis er nødutgangane markerte?
Kva for tiltak har bedrifta for varsling og sløkking av brann?
Har dei hjartestartar(ar)? Viss ja, kvar er han/dei plasserte?
Har dei inngangskontroll? Viss ja, korleis fungerer han?
Kva for nokon andre sikkerheitstiltak finst? Kategoriser dei i fysiske, tekniske, administrative og manuelle tiltak.
Del 3:
Gjennomfør ein enkel risikoanalyse for praksisbedrifta.
Kartlegg uønskte hendingar.
Vurder sannsyn.
Vurder konsekvens.
Berekn risiko.
Foreslå førebyggande tiltak og set opp ein tiltaksplan.
Forklar korleis de ville ha gjennomført og følgt opp tiltaksplanen.
Bruk skjemaet nedanfor når du skal berekne risiko, og vurder kva for nokon uønskte hendingar som må følgast opp med førebyggande tiltak.
Del 4:
Samanlikn din eigen analyse med det du klarer å få vite om den faktiske risikoanalysen til praksisbedrifta.
Del 5:
Presenter oppgåva for klassen.