Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Risikovurdering i reiselivsbransjen

I denne oppgåva skal de gjennomføre ei enkel risikovurdering for ulike reiselivsaktørar, og presentere tiltak som kan førebygge uønskte hendingar.

Oppgåve

For kvar av casane nedanfor skal de jobbe med risikovurdering. Når de blir bedne om å gjennomføre ein riskoanalyse, skal de følge trinna i fagartikkelen "Risikoanalyse".

1. Underhaldningspark

  1. Finn informasjon om uønskte hendingar i underhaldningsparkar.

  2. Kva for lover og forskrifter må underhaldningsparkar forhalde seg til i sikkerheitsarbeidet?

  3. Gjennomfør ein risikoanalyse for ein sjølvvald underhaldningspark der de ser på ulike område og aktivitetar i parken, til dømes

    • attraksjonar og karusellar

    • matbuer og kioskar

    • kø-område

    • toalett og søppelhandtering

    • leikeområde og grasplenar

    • billett- og inngangsområde

  4. Presenter svara dykkar for klassen.

2. Hotell

  1. Finn informasjon om uønskte hendingar på hotell.

  2. Kva for lover og forskrifter må hotell forhalde seg til i sikkerheitsarbeidet?

  3. Gjennomfør ein risikoanalyse for eit sjølvvalt hotell.

  4. Presenter svara dykkar for klassen.

3. Rafting, via ferrata eller ein annan reiselivsaktivitet

  1. Vel ein aktivitet, som til dømes rafting, klatring i via ferrata, ridetur eller fjelltur.

  2. Finn informasjon om uønskte hendingar for den valde reiselivsaktiviteten din.

  3. Kva for lover og forskrifter må reiselivsaktøren forhalde seg til i sikkerheitsarbeidet?

  4. Gjennomfør ein risikoanalyse.

  5. Presenter svara dykkar for klassen.

4. Festival

  1. Finn informasjon om uønskte hendingar på festivalar.

  2. Kva for lover og forskrifter må festivalar forhalde seg til i sikkerheitsarbeidet?

  3. Gjennomfør ein risikoanalyse for ein sjølvvald festival, der de ser på ulike område som til dømes

    • drikke- og matbuer

    • kø-område

    • toalett og søppelhandtering

    • billett- og inngangsområde

  4. Nemn minst tre aktuelle sikkerheitstiltak innanfor høvesvis fysisk, teknisk, administrativt og manuelle sikkerheitstiltak.

  5. Presenter svara dykkar for klassen.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 03.12.2025