Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Førebyggande tiltak

Korleis kan vi førebygge uønskte hendingar? Det kan vere alt frå å installere kamera og alarmar til å helse på kunden som kjem inn i butikken.

Sikkerheitstiltak

Etter at vi som verksemd har kartlagt kva for nokre uønskte hendingar som kan hende – og vurdert risikoen knytt til dei ulike hendingane – må vi vurdere kva for sikkerheitstiltak vi kan setje i verk.

Formålet med sikkerheitstiltak er å redusere risikoen, ved anten å redusere sjansane for at ei uønskt hending skjer, eller ved å redusere konsekvensane av at ei slik hending skjer.

For kvar uønskt hending med høg risiko må vi setje inn førebyggande tiltak, òg kalla sikkerheitstiltak. Vi deler inn i følgande sikringsgrupper:

  • fysiske sikkerheitstiltak

  • tekniske sikkerheitstiltak

  • administrative sikkerheitstiltak

  • manuelle sikkerheitstiltak

Fysiske sikkerheitstiltak

Fysiske sikkerheitstiltak er fysisk utstyr som vi kan bruke for å førebygge uønskte hendingar. Sjå døme i den interaktive presentasjonen nedanfor.

Tekniske sikkerheitstiltak

Tekniske sikkerheitstiltak er tekniske løysingar som vi kan bruke for å førebygge uønskte hendingar. Sjå døme i den interaktive presentasjonen nedanfor.

Administrative sikkerheitstiltak

Administrative sikkerheitstiltak er administrative tiltak som vi kan bruke for å førebygge uønskte hendingar. Sjå døme i den interaktive presentasjonen nedanfor.

Manuelle sikkerheitstiltak

Sikkerheitstiltak som er utførte av menneske, blir kalla manuelle sikkerheitstiltak og kan utførast av eigne tilsette eller innleigde vektarar. Sjå døme i den interaktive presentasjonen nedanfor.

Test deg sjølv

I den interaktive oppgåva nedanfor skal du plassere ulike sikkerheitstiltak i rett sikringsgruppe.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 13.11.2025