Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Risikovurdering

Har du nokon gong opplevd at pc-en har krasja rett før ein viktig innleveringsfrist? Slike situasjonar er skikkeleg irriterande, men for verksemder kan uønskte hendingar få endå større konsekvensar. Som verksemd bør vi derfor kartlegge kva som kan gå gale og vurdere risikoen.

Trinna i ei risikovurdering

  1. kartlegge uønskte hendingar

  2. vurdere sjansane for at den uønskte hendinga skal skje

  3. vurdere konsekvensane av ei uønskt hending dersom ho skjer

  4. berekne risiko

  5. foreslå førebyggande tiltak (tiltaksplan)

  6. gjennomføre og følge opp tiltaksplanen

1. Kartlegge uønskte hendingar

I kartleggingsfasen går vi gjennom

  • hendingar som har funnest hos oss tidlegare
  • hendingar som har vore nær ved å oppstå hos oss tidlegare
  • hendingar som vi veit har funnest hos liknande verksemder

I tillegg må vi analysere drifta til verksemda for å sjå om det er andre uønskte hendingar som kan oppstå. Ansvaret for risikovurdering ligg hos leiinga, men det er viktig å involvere medarbeidarane sidan dei kan bidra med verdifull innsikt i kva som kan gå gale.

Les meir om temaet i artikkelen "Uønskede hendingar".

2. Vurdere sannsyn

Når vi har laga ei liste over moglege uønskte hendingar, vurderer vi sannsyn for at den uønskte hendinga skal hende. Vi set ein talverdi for det vurderte sannsynet: 1 for usannsynleg, 2 for lite sannsynleg, 3 for mindre sannsynleg, 4 for sannsynleg og 5 for svært sannsynleg.

3. Vurdere konsekvensar

Når vi vurderer konsekvensar, vurderer vi kva for negative følger ei uønskt hending kan få. Dette kan vere helseskadar, materielle skadar, skadar på miljø eller skadar på omdømmet til verksemda. Vi set ein talverdi for den vurderte konsekvensen: 1 for ubetydeleg, 2 for mindre alvorleg, 3 for betydeleg, 4 for alvorleg og 5 for svært alvorleg.

Diskuter

  • Kan den same hendinga ha ulik konsekvens?

  • Kva kan konsekvensen av ein times straumbrot vere for

    • ein daglegvarebutikk

    • ein underhaldningspark

    • sikkerheitskontrollen på ein flyplass

    • resepsjonen til ei verksemd

4. Berekne risiko

Når du har talfesta sannsyn og konsekvens, kan du bruke følgande formel for å berekne risikoen:

Risiko = sannsyn × konsekvens

Ein risiko på 10 eller høgare blir rekna som ein høg risiko der det er nødvendig å setje i verk førebyggande tiltak.

Les meir om berekning av risiko i artikkelen "Risikodiagram".

5. Utarbeide tiltaksplan

Når vi har gjort ei vurdering av risiko, må vi setje inn tiltak for å redusere risikoen, anten tiltak som reduserer sjansane for at hendinga skjer, eller som reduserer konsekvensane om det skjer.

For å redusere sjansane for at ei uønskt hending skal oppstå, kan vi setje i verk ei rekke sikkerheitstiltak. Til dømes kan ei verksemd som er plaga med innbrot, installere alarmar og kameraovervaking.

Les meir om sikkerheitstiltak i artikkelen "Førebyggande tiltak".

For å redusere konsekvensane av at ei uønskt hending oppstår, kan vi utarbeide ein beredskapsplan. Det er ein tiltaksplan for korleis vi kan handtere uønskte hendingar når dei først skjer, til dømes korleis vi skal handtere eit ran.

Les meir om beredskapsplanar i emnet "Beredskapsplanar".

6. Gjennomføre og følge opp tiltaksplanen

Etter at vi har laga tiltaksplanen, er det viktig at han blir følgt opp. Den ansvarlege må rapportere om kva for tiltak som er sette i verk. Det kan vere innkjøp av sikkerheitsutstyr, opplæring, brannøvingar med meir.

Tiltaksplanar må òg jamleg evaluerast. Har tiltaka i planen hatt ønskt effekt, eller bør dei justerast?

Diskuter

  • Kva ville de teke med i ein tiltaksplan for dei uønskte hendingane

    • brann

    • straumbrot

    • ran

  • Korleis ville de ha gjennomført og følgt opp tiltaksplanane?


Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 18.11.2025