Oppgåve
Video
Risikovurdering i sikkerheitsbransjen
I desse oppgåvene skal de arbeide med risikovurderingar innan sikkerheitsbransjen.

Kva for nokon uønskte hendingar kan finnast på eit kjøpesenter?
Oppgåve 1
Denne oppgåva tek utgangspunkt i ein kort film der vi følger ein vektar gjennom arbeidsdagen på eit kjøpesenter.
Oppgåve 2
I denne oppgåva skal de førestille dykk at de jobbar i eit vektarselskap som har fått i oppgåve å vareta sikkerheita for éin av desse to stadene:
eit kjøpesenter
ein flyplass
Oppgåve 3
Denne oppgåva tek utgangspunkt i spelefilmen Stockholm, som handlar om ein bankranar som ønsker å frigjere den beste vennen sin frå fengsel. Situasjonen utviklar seg i ganske uventa retningar, og vi får sjå ulike sikkerheitstiltak som er i funksjon mens politiet prøver å få kontroll over ein høgst uvanleg gisselsituasjon.
Relatert innhald
Risikodiagram
Når vi skal kartlegge risiko, kan vi følge ei enkel sjekkliste. Dette lærer du meir om her.