Oppgåve
Video
Sikringstiltak i filmen om sentervektaren
I filmen nedanfor (lengde 06:24) følgjer vi ein vektar gjennom arbeidsdagen på eit kjøpesenter. Sentervektarar har fleire arbeidsoppgåver ved sida av det sikkerheitsrelaterte arbeidet. Som du ser i filmen, må vektaren flytte fokuset raskt og vere årvaken samtidig som han tek seg av fleire oppgåver.
Vi følgjer ein sentervektar gjennom ein typisk arbeidsdag. Video: Filmkonsulentene / CC BY-SA 4.0
Oppgåve
- Tenk deg at du er med vektaren i filmen på vaktrunde. De både patruljerer og sjekkar overvakingskamera. Kva sikringsgrupper høyrer dette heime i?
- På slutten av dagen skal de føre rapportar og låse ned senteret. Kva sikringsgrupper høyrer dette heime i?
- Bruk det du ser i filmen, og skriv ein kort vaktlogg som beskriv vakta frå start til slutt. Du kan tenkje deg fram til opningstider og andre viktige klokkeslett. Bruk eit kort og nøytralt språk i loggen, og få med høgdepunkta i den rekkjefølgja dei skjer.
- Skriv ein rapport etter hendinga med den unge butikktjuven. Fortel korleis det enda.