Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Risikovurdering for ein kontoradministrasjon

I denne oppgåva skal de gjennomføre ei enkel risikovurdering for administrasjonen til ei verksemd, og presentere tiltak som kan førebygge uønskte hendingar.

Oppgåve

Gjennomfør ein enkel risikoanalyse for administrasjonen til ei sjølvvald verksemd.

  1. Kartlegg uønskte hendingar.

  2. Vurder sannsyn.

  3. Vurder konsekvens.

  4. Berekn risiko.

  5. Foreslå førebyggande tiltak og set opp ein tiltaksplan.

  6. Forklar korleis de ville ha gjennomført og følgt opp tiltaksplanen.

Administrative oppgåver

I risikoanalysen bør du sjå på dei administrative oppgåvene nedanfor som er relevante for verksemda du har valt.

Personaladministrasjon

  • tilsetjing og arbeidskontraktar

  • lønn og fråvær

  • HMS-oppfølging

Relatert lovverk: arbeidsmiljølova, internkontrollforskrifta, ferielova, folketrygdelova

Økonomiadministrasjon

  • fakturering og innbetalingar

  • budsjett og rekneskap

  • kontanthandtering (ved kontantsal)

Relatert lovverk: bokføringslova, rekneskapslova, skatteforvaltningslova

IKT og informasjonssikkerheit

  • lagring og behandling av personopplysningar

  • tilgangsstyring til ulike datasystem

  • sikkerheitskopiering og vedlikehald

Relatert lovverk: personopplysningslova og personvernforordninga (GDPR), sikkerheitslova

Drift og eigedom

  • kontraktar og avtalar

  • innkjøp og lagerstyring

  • vedlikehald av bygg og utstyr

Relatert lovverk: avtalelova, kjøpslova, brann- og eksplosjonsvernlova

Kommunikasjon og kundebehandling

  • handtering av klagar og konfliktar

  • feilinformasjon eller brot på teiingsplikt

Relatert lovverk: marknadsføringslova, forbrukarkjøpslova, personopplysningslova

Skjema for risikovurdering

Bruk skjemaet nedanfor når de skal berekne risiko og vurdere kva for nokon uønskte hendingar som må følgast opp med førebyggande tiltak.

Tekstversjon av skjemaet for risikovurdering

Skjemaet er ei matrise med verdiar som blir lesne av vertikalt og horisontalt.

  • Sannsynet for ei uønskt hending er gitt eit nummer, og desse blir lesne av vertikalt. 1 er usannsynleg, 2 lite sannsynleg, 3 mindre sannsynleg, 4 sannsynleg og 5 svært sannsynleg.

  • Konsekvensen av ei uønskt hending er òg gitt eit nummer, og desse blir lesne av horisontalt. 1 er ubetydeleg, 2 mindre alvorleg, 3 betydeleg, 4 alvorleg og 5 svært alvorleg.

  • Ved å gonge tala for sannsyn og konsekvens får vi ein talverdi som blir brukt til å berekne risikoen for dei ulike uønskte hendingane.

  • Viss talverdien er mellom 10 og 25, er tiltak nødvendig. Viss talverdien er 5, 8 eller 9, må tiltak vurderast. Viss talverdien er 1–4 eller 6, kan tiltak vurderast.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 13.11.2025