Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Risikovurdering for ein butikk

I denne oppgåva kan de gjerne jobbe saman to og to. De skal gjennomføre ei enkel risikovurdering for ein sjølvvald butikk og foreslå tiltak som kan førebygge uønskte hendingar. Presenter risikovurderinga for ei anna gruppe eller for heile klassen.

Oppgåve

Trinn 1: Kartlegg uønskte hendingar

  • Sjå for dykk dei ulike områda i butikken og lag ei liste med minst 10 uønskte hendingar som kan finnast. (Sørg for å ha med uønskte hendingar innanfor alle kategoriane nedanfor.)

  • Kategoriser dei uønskte hendingane i lista dykkar i dei tre kategoriane:

    • skade på liv og helse

    • materielle skadar

    • skade på omdømme

Trinn 2: Vurder sannsyn

Vurder med ein talverdi kor sannsynleg det er at dei ulike uønskte hendingane vil hende, der 1 er usannsynleg, 2 lite sannsynleg, 3 mindre sannsynleg, 4 sannsynleg og 5 svært sannsynleg.

Trinn 3: Vurder konsekvensen

Vurder med ein talverdi kor stor konsekvensen av dei ulike uønskte hendingane er, der 1 er ubetydeleg, 2 mindre alvorleg, 3 betydeleg, 4 alvorleg og 5 svært alvorleg.

Trinn 4: Berekn risikoen

Ta utgangspunkt i talverdiane frå trinn 2 og 3 og les av i skjemaet under kva den totale talverdien for kvar av dei ulike uønskte hendingane blir.

Viss talverdien – når ein gongar verdien for sannsyn med verdien for konsekvens – er mellom 10 og 25, er det nødvendig med førebyggande tiltak. Viss talverdien er 5, 8 eller 9, må tiltak vurderast. Viss talverdien er 1–4 eller 6, kan tiltak vurderast.

Trinn 5: Foreslå førebyggande tiltak

For hendingane som hamnar i området som er raudt i risikodiagrammet (talverdi mellom 10 og 25), må de foreslå tiltak for å redusere risikoen. Det kan vere tiltak som reduserer sjansane for at hendinga skal skje, eller som reduserer konsekvensane av at hendinga skjer.

  • Set opp ein tiltaksplan.

Trinn 6: Gjennomfør og følg opp tiltaksplanen

Forklar korleis de ville ha gjennomført og følgt opp tiltaksplanen.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 10.11.2025