Hopp til innhald

Fagstoff

Diskriminering

Diskriminere (lat.) betyr å gjere forskjell, skilje eller gi ei dårleg særbehandling. Det er vanleg å skilje mellom direkte, indirekte og institusjonell diskriminering.I Noreg har vi ei lov mot diskriminering frå 2006.
Jøde (stengt) står på eit vindauga. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formålet med lova er å fremje likestilling, sikre like sjansar og rettar og å hindre diskriminering på grunn av etnisk bakgrunn, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion og livssyn.

Direkte diskriminering

Ein gjer seg skuldig i direkte diskriminering når ein handsamar ein person dårlegare enn andre i same gruppe som vedkommande høyrer til. Ein kan til dømes behandle menneske forskjellig på grunn av alder, kjønn, seksuell legning, nedsett funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Enkelt sagt er direkte diskriminering like tilfelle som behandlast ulikt.

Det er verst når eg er i byen saman med norske vener. Så blir eg, som den einaste, valt ut og nekta adgang til diskoteket. Det kjennest som å få ein mur i ansiktet. Det er skikkeleg ubehageleg å bli avvist til ein fest når ein oppfyller krava. Eg har rett til å bli behandla på like fot med andre i nattelivet.
Mahmet, 18 år.

Direkte diskriminering

Det å bli avvist på eit diskotek på grunn av den etniske bakgrunnen sin er direkte diskriminering. Dersom ein på ein arbeidsplass seier at ein ikkje ynskjer praktikantar med etnisk minoritetsbakgrunn, er det óg direkte diskriminering.

I Diskrimineringslova blir direkte diskriminering definert slik:

Med direkte diskriminering meiner ein at ei handling eller forsøming har som formål eller verknad at personar eller føretak på grunnlag som nemnt i første ledd (det vil seie etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion og livssyn) blir behandla dårlegare enn andre blir, har blitt eller ville blitt behandla i ein tilsvarande situasjon.

Døme på direkte diskriminering

  • Dersom ein ikkje vil tilsetje ei kvinne som har alle faglege og sosiale kvalifikasjonar som stillinga krev.
  • Dersom ein ikkje kallar inn ein godt kvalifisert søkjar til intervju dersom vedkommande har ei funksjonshemjing som ikkje har konsekvensar for det søkte arbeidet.
  • Dersom personar som er eldre enn 55 år og yngre enn 35 blir utelukka fordi ein heller vil ha folk i aldersgruppa 35 – 55 år.

Diskvalifisering på grunn av kjønn, nedsett funksjonsevne og alder er direkte diskriminering. Namnet ditt skal ikkje ha noko å seie for om du får jobb, og hudfargen eller seksuell legning skal ikkje ha noko å seie for om du får tilgang til bestemte varer og tenester.

Indirekte diskriminering

Ein gjer seg skyldig i indirekte diskriminering dersom ein stiller krav eller vilkår som gjeld for alle personar, når kravet er slik at berre ein mindre del av ei særleg gruppe kan oppfylle kravet eller vilkåret. Enkelt sagt er indirekte diskriminering lik behandling av ulike tilfelle.

Døme på indirekte diskriminering
Dersom ein restaurant innfører krav om at dei mannlege gjestene skal ha slips, og dei kvinnelege lange skjørt, kan det vere eit krav som utelukkar visse gjester. Det er ei indirekte diskriminering.

I Diskrimineringslova blir indirekte diskriminering definert slik:

Med indirekte diskriminering meiner ein alle tilsynelatande nøytrale vedtak, vilkår, praksis, handling eller forsøming som fører til at personar på grunn av forhold som er nemnde i første ledd (det vil seie etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion og livssyn) kjem i ei særleg uheldig stilling samanlikna med andre.

Med indirekte diskriminering i arbeidslivet meiner ein alle tilsynelatande nøytrale vedtak, vilkår, praksis, handling eller forsøming som faktisk verkar slik at ein arbeidssøkjar eller arbeidstakar blir stilt dårlegare enn andre arbeidssøkjarar eller arbeidstakarar på grunn av forhold som er nemnde i første ledd.

Når forskjellsbehandling er lov

Det er ganske vanleg i Noreg at ein stiller strenge krav til at ein skal kunne beherske det norske språket, sjølv om det i grunnen ikkje er nødvendig for den jobben det gjeld. Ein vaskejobb krev ikkje store språkkunnskapar, mens ein jobb som journalist vil krevje det. Derfor er det ikkje diskriminering om ein stiller høge krav til munnleg og skriftleg herredømme av språk dersom det dreier seg om ein jobb som journalist.

Diskrimineringslova tek opp dette; forskjellsbehandling som er nødvendig for å oppnå eit sakleg formål, og som ikkje er uforholdsmessig inngripande overfor den eller dei som blir forskjellsbehandla, blir ikkje sett på som diskriminering etter lova her.

Unnlatelse

Diskriminering kan skje munnleg, skriftleg og gjennom aktive handlingar. I tillegg kan ein diskriminere ved å ikkje gripe inn, og ved å la vere å gi informasjon eller ikkje melde frå. Eit døme på diskriminering ved forsøming er det om barnevernet lèt vere å gripe inn overfor innvandrarfamiliar der barn blir utsette for vanstell eller mishandling, med den grunngiving at barnevernet manglar kompetanse om kulturen familien tilhøyrer.

Menneskerettane

Prinsipielt er det ikkje diskriminerande å sende heim økonomiske innvandrarar eller asylsøkjarar dersom ein er sikker på at dei ikkje vil bli utsette for politiske overgrep som følgje av at dei har søkt asyl i eit anna land. Det er på den andre sida ikkje tvil om at ein handlar mot menneskerettane dersom ein utviser vedkommande til eit land der personen risikerer å bli utsett for tortur.

Institusjonell diskriminering

Institusjonell diskriminering skjer når strukturen i ein institusjon er innretta slik at det ikkje er mogeleg for ei gruppe personar å klare seg på like vilkår med andre.

Døme på institusjonell diskriminering
Nedprioritering av statleg støtte til morsmålsundervisning. Forsking har vist at den som har grunnleggjande kunnskapar på sitt eige språk også lettare tileignar seg andre språk og andre faglege kunnskapar.

Diskriminering i undervisninga

I undervisning kan det skje både direkte og indirekte diskriminering. Direkte diskriminering skjer ved ulik behandling, som til dømes ved å vise mindre respekt og tolmod overfor bestemte grupper av elevar. Denne forma for diskriminering er oftast nokså tydeleg og kan i prinsippet tas opp til diskusjon med læraren.

Verre er det med indirekte diskriminering. Den kan vise seg ved at læraren vender seg til klassen som om alle var fødde og oppvaksne i Noreg, og som om alle har vakse opp med villa, hage og bil. Ei slik undervisning kan føre til at mange elevar føler at dei er utanfor det «normale» og dermed ikkje er ein del av den naturlege fellesskapen i klassen.

Diskriminering i media

Det er diskriminering i media dersom ein nemner den etniske eller religiøse bakgrunnen til ein person, utan at det har relevans for saka. Dersom det er tale om domfelling, er det ikkje relevant om det er ein mann eller ei kvinne, om den skyldige har ei funksjonshemjing, er lys eller mørk i huda, er buddhist, pinsevenn eller muslim.

Men dersom politiet skal sende ut eit signalement av ein gjerningsmann, er det ikkje diskriminerande å beskrive fysiske kjenneteikn som kjønn, alder, hudfarge, og eventuelt nedsett funksjonsevne eller bilmerke.[1]

Døme

Alle har same retten til å kome inn på eit diskotek eller ein symjehall. Men om en gut/mann blir for nærgåande overfor ei jente/kvinne som han ikkje kjenner, må han kunne kastast ut, ikkje på grunn av sin etniske bakgrunn, men på grunn av at han ikkje har retta seg etter dei reglane som gjeld på ein slik stad.

Det må vere likskap for lova. Ei kriminell handling er kriminell, same kven som står bak handlinga. Det har ikkje noko med etnisk bakgrunn eller rase å gjere.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Arbeidsliv