Hopp til innhald

Fagstoff

Konfliktar i skulen og skulefritidsordninga

Fleire typar konfliktar kan oppstå i skule og SFO, og forma og styrken på konfliktane endrar seg i takt med veksten og utviklinga til barna. Det kan vere vanskeleg å skilje usemje, konflikt, mobbing og rasisme frå kvarandre.
Voksen veileder barn i barnehagen. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konfliktar kan løysas

Det er vanskeleg å tenkje seg at det finst skular der det ikkje oppstår konfliktar, men er vi medvitne om problemstillingane, kan vi løyse mange av konfliktane på ein god måte. Du som er barne- og ungdomsarbeidar, må våge å stille spørsmål når du ser at barn har det vanskeleg.

Døme på tema for konfliktar

Konfliktar i skulen kan blant anna vere knytte til:

  • leik – kven som får vere med, kva for reglar som gjeld osv.
  • spel – kva skal ein spele, kven får delta (til dømes på fotballaget), kva reglar skal gjelde
  • kven som får vere med på ulike aktivitetar – kven som blir stengde ute
  • kven som får ulike roller i til dømes dramatiseringa av eit teaterstykke
  • kjærastar
  • klede, ting og utstyr
  • selskap, festar og fritidsaktivitetar

Kva blir gjort?

Mange skular har prosedyrar for korleis ein skal handle når det oppstår konfliktar.
Tiltak mot konfliktar kan variere frå skule til skule. Nokre døme på tiltak er:

  • fleire vaksne til stades i pausane
  • gode aktivitetstilbod til barna
  • ulike pedagogiske opplegg som styrkjer tryggleiken til barna
  • skulemekling
  • vaksne som raskt grip inn

Utfordringar til deg

  1. Prøv om du kan forklare forskjellen på usemje, konflikt, mobbing og rasisme. Forklar også kva for likskapstrekk desse omgrepa har.
  2. Kva for konfliktar hugsar du frå din eigen skulegang?
  3. Gi døme på ein konflikt som blei løyst på ein god måte. Forklar kva som skjedde.
  4. Kva kan du som barne- og ungdomsarbeidar gjere for å førebyggje konfliktar?
  5. Kva kan skule og SFO gjere for å førebyggje konfliktar?
  6. Kva kan du gjere når du oppdagar at det har oppstått ein konflikt?
  7. Ein av dei andre vaksne på skulen seier: «Eg forstår godt at dei andre ikkje vil vere saman med Eline, for ho er så frekk at eg blir irritert på henne, eg også.» Kva svarer du til dette?
  8. Søk på konfliktar på YouTube og NRK Skole. Sjå om du finn gode filmar om konfliktar.
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Konfliktar og konflikthandtering