Hopp til innhald

Fagstoff

Deskriptiv observasjon

Nokre gongar er det nødvendig for antropologen å skaffe seg eit overblikk over ein bestemt situasjon eller eit bestemt samfunn. Då må ein prøve å observere med eit breitt perspektiv. Dette kallar vi for deskriptiv observasjon.
Personer rundt et bord med notater og brett foran seg. Vi ser bare hendene og bordet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å skaffe seg overblikk

Forskarar som utøver deskriptiv observasjon, ønskjer å dokumentere alt som skjer i ein viss sosial situasjon. Det betyr at antropologen ikkje nødvendigvis går til ein situasjon med spesifikke problemstillingar eller spørsmål. Målet er av ein meir generell art, der formålet er å skaffe seg eit overblikk over den situasjonen ein er interessert i. Dette inneber at deskriptiv observasjon stort sett går ut på å få med seg så mykje som mogleg.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Kvalitativ metode