Hopp til innhald

Fagstoff

Deltakande observasjon – ulike grader av deltaking

Ein av sosialantropologien sine fremste metodar er deltakande observasjon, der antropologen både deltek i og observerer det samfunnet han forskar på.

Graden av deltaking kan variere. Det er ikkje alle situasjonar der høg grad av deltaking er mogleg. Nokre gonger må antropologen justere i kor stor grad han skal involvere seg.

I boka Participant observation (1980) skil James P. Spradley mellom fem nivå av deltaking: ikkje-deltaking, passiv deltaking, moderat deltaking, aktiv deltaking og fullstendig deltaking.

Ikkje-deltaking

På dette nivået samhandlar ikkje antropologen med dei han forskar på. Det kan handle om ein situasjon der deltaking er umogleg, men der det likevel er interessant å observere på bakgrunn av den kunnskapen ein kan hente ut av situasjonen.

Antropologen held seg til å observere og merkar seg det han ser. Det kan vere alt frå korleis aktørane oppfører seg til den kjønnsmessige samansetninga. På den måten kan han lage eit generelt og oversiktleg bilete av dei han skal undersøkje. Sjølv om observasjon åleine kan verke mangelfull når vi tek omsyn til idealet om deltaking, er det likevel mogleg å samle inn relevant informasjon på denne måten.

Passiv deltaking

Forskarar som utøver passiv deltaking, er til stades der den sosiale handlinga skjer, men dei samhandlar ikkje i særleg stor grad med dei andre aktørane. Dersom forskaren i det heile har ei rolle, er det meir som tilskodar enn som noko anna. Antropologen kan til dømes vere blant tilskodarane på ein fotballkamp for å kartleggje åtferda blant fotballtilhengjarar.

Moderat deltaking

Moderat deltaking oppstår når antropologar forsøkjer å finne ein balanse mellom å vere på utsida og å vere på innsida. Antropologen ønskjer med andre ord å variere mellom deltaking og observasjon. Dersom vi vender tilbake til dømet med fotballtilhengjarar, kan antropologen først observere åtferd og granske kulturelle reglar, for deretter å utføre dei saman med fotballtilhengjarane. På den måten håper forskaren å få ei djupare innsikt i den kulturen som herskar mellom tilhengjarane.

Aktiv deltaking

Denne forma for deltaking handlar om å gjere det forskingsobjekta gjer, altså "do as the natives do". Målet er mellom anna å lære dei kulturelle reglane for akseptabel og uakseptabel åtferd eller å få djupare innsikt i kvifor ei handling blir gjort. Ein antropolog kan til dømes lære seg om den sosiale og kulturelle betydninga av merking av reinsdyr i samiske område ved å observere handlinga, for deretter å utføre ho sjølv.

Det må understrekast at ikkje alle sosiale situasjonar opnar for aktiv deltaking. Nokre handlingar er meir eigna for rein observasjon. Ein antropolog som studerer hjernekirurgi, har ikkje moglegheit til aktiv deltaking, men må halde seg til observasjon og intervju. Denne forma for deltaking kan derfor ikkje brukast ukritisk. Likevel finn dei fleste antropologar område der dei i større eller mindre grad kan delta aktivt for å få ei større forståing av det sosiale fenomenet eller samfunnet dei studerer.

Fullstendig deltaking

Dette er det høgaste nivået av involvering, og det skjer oftast når antropologen studerer sosiale situasjonar der han allereie er ein vanleg deltakar. Til dømes kan ein antropolog som er oppteken av maratonløp, studere dei kulturelle reglane og sosiale fenomena innanfor dette miljøet.

Å forske på miljø der ein er ein naturleg deltakar, kan ved første augekast verke som ei enkel oppgåve, men ofte viser det seg vanskelegare enn ein først trudde, mykje fordi ein må prøve å sjå sitt eige samfunn frå "utsida": Ein må gjere det kjente ukjent. Dette kan vere ei vanskeleg oppgåve, ettersom ein ofte lir av å vere "heimeblind" – nemleg at ein ikkje klarer å fange dei kulturelle reglane som pregar det heimlege samfunnet. Det er ikkje utan grunn at antropologien vaks fram i studiet av ikkje-vestlege kulturar.

Jo mindre kjend ein er med eit samfunn, jo enklare er det å oppfatte dei kulturelle reglane som er i spel.

Kjelde

Spradley, J. P. (1980). Participant observation. Wadsworth.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2021

Læringsressursar

Kvalitativ metode