Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Feltarbeidet: deltakande observasjon

Sosialantropologer nyttar mange metodar for å opparbeide seg kunnskap om det samfunnet dei forskar på, men det er eit særtrekk som skil seg ut. Antropologar legg stor vekt på feltarbeidet. Då oppheld dei seg i det miljøet dei skal studere.

FooterHeaderIconFooter iconLK20
Ein kvithuda og ein mørkhuda mann sit saman på ein trestamme i ein skog. Foto.

Sosialantropologen Øyvind Sandbukt på feltarbeid hos Kubu-folket på Sumatra, her saman med høvding Temenggung Tarib.

Feltarbeidet

Sosialantropologien deler mange av metodane sine med dei andre samfunnsvitskapane, men skil seg ut gjennom vektleggjinga av feltarbeidet. For sosialantropologen er dette den viktigaste kjelda til kunnskap. Lengda på feltarbeidet kan variere, og det finst mange måtar å utføre det på. Det kjem an på ulike sosialantropologiske retningar og individuelle skilnadar antropologane imellom. Likevel eksisterer det ei brei einigheit om at antropologar bør leve saman med forskingsobjekta i det samfunnet dei bur i.

Eit av måla er med andre ord å bli ein naturleg del av lokalmiljøet. På den måten vil antropologar lettare få tilgang på den informasjonen dei er ute etter. Det finst sjølvsagt ei rekkje metodar forskarar bruker for å skaffe seg den kunnskapen dei ønskjer, og mange antropologar nyttar både formelle og uformelle teknikkar under feltarbeidet. Deltakande observasjon blir ofte brukt som eit omgrep for dei uformelle metodane antropologen tek i bruk under forskinga.

Deltakande observasjon

Deltakande observasjon betyr at ein både deltek i og observerer det spesifikke samfunnet ein forskar på. Ein ønskjer med andre ord å plassere seg både på innsida og utsida av det ein undersøkjer. Eit av sosialantropologien sine slagord er: "Do as the natives do" ("Gjer som dei innfødde gjer"). Dette gjer antropologen for å forstå samfunnet frå dei lokale sitt perspektiv.

Gjennom denne metoden ønskjer antropologen å vere til stades utan at det påverkar forskingsobjekta sin naturlege åtferd i dagleglivet. På den måten prøver ein å forsikre seg om at den informasjonen ein sit att med, er så korrekt som overhovudet mogleg.

Fredrik Barth sitt feltarbeid hos Basseri-nomadane i Fars i Sør-Iran kan fungere som eit døme. Som ledd i forskinga vandra han i 1958 saman med nomadane over store avstandar. Han både deltok i og observerte dei sosiale aktivitetane nomadane dreiv med, for å få eit så rett bilete av samfunnet og kulturen deira som han kunne.

Utfordringar ved feltarbeidet

Det finst ikkje noko fasitsvar på korleis feltarbeidet skal gjerast, og i kor stor grad forskaren skal delta i det samfunnet han eller ho forskar på. Alt kjem an på antropologane og det aktuelle miljøet dei studerer. Dei fleste antropologar vil nok vere einige i at det kan vere ein krevjande metode. Mange har opplevd feltarbeidet som spennande, irriterande, farleg, utmattande og kjedeleg. I eit framandt samfunn vil ein ikkje alltid meistre dei kulturelle og sosiale reglane, i alle fall ikke i starten. Då er det lett å kjenne seg klossete og bortkomen.

I tillegg er det ikkje sikkert ein liker dei ein studerer. Bronislaw Malinowski, grunnleggjaren av moderne sosialantrolpologisk metode, oppheldt seg blant befolkninga på Trobianerøyene utanfor Ny-Guinea mellom 1915 og 1918. To tiår etter at Malinowski døydde, blei dei private dagboksnotata hans publiserte. Der kom det fram at han hadde eit negativt perspektiv på trobiandarane. Ifølgje notata såg han dei nærast som villmenn og lét seg irritere over måten dei levde på. Trass dette klarte han å samle inn den informasjonen han var ute etter. Dette viser at det absolutt er mogleg å gjennomføre eit feltabeid under vanskelege tilhøve, så lenge ein ikkje skadar eller lèt kjenslene sine påverke vertskapet.

På grunn av dei mange utfordringane ein kan bli stilt overfor, har fleire beskrive feltarbeidet som ein periode der ein blir som barn igjen. Ein må enno ein gong lære seg dei nødvendige eigenskapane ein treng for å forstå og for å klare seg i samfunnet. Det spesielle med denne prosessen er at det er antropologen sjølv som er forskingsreiskapen. Han eller ho må delta for å lære.

Kjelder

  • Eriksen, T. H. (2004). Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Universitetsforlaget.

  • Barth, F. (2008). Vi mennesker – fra en antropologs reiser. Pax.

Sist oppdatert 17.06.2019
Skrive av Kai Arne Ulriksen

Læringsressursar

Kvalitativ metode