Hopp til innhald

Fagstoff

Fokusgrupper og fokusgruppeintervju

Fokusgrupper og fokusgruppeintervju er ein metode som blir brukt innanfor fleire fagområde, som marknadsføring, helsefag og samfunnsvitskapelege fag.
Illustrasjon gruppe mennesker. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kort om fokusgrupper som metode

Her skal vi i korte trekk sjå på noko av det denne metoden handlar om. Forskingsmetoden er kvalitativ. Sjølv om vi kan bruke ei eller fleire grupper, er det framleis eit fåtal einingar vi intervjuar. Einingar er i dette tilfellet dei individa vi intervjuar. Fokus viser her til at intervjuet tek utgangspunkt i eitt spesifikt tema eller emne vi ønskjer vite meir om.

Eit fokusgruppeintervju er ei form for gruppeintervju, men det er ikkje nødvendigvis slik at alle gruppeintervju er fokusgrupper.

Fokusgrupper er "ein forskingsteknikk der data blir samla inn gjennom gruppeinteraksjonen rundt eit emne som blir bestemt av forskaren" (Morgan 1996, s 130 referert i Wibeck 2000. s 23, eiga omsetjing).

Med andre ord: Dette er ein metode der gruppa si samhandling om eit bestemt tema er datainnsamling. Interaksjon betyr samhandling, og kan i eit intervju vere samtale, diskusjon og å fortelje og dele erfaringar om eit tema.

Eit fokusgruppeintervju samlar hovudsakleg inn ord: meiningar, tankar, idear og erfaringar folk set ord på, men nokon gongar reaksjonar i form av kroppsspråk og åtferd. I eit fokusgruppeintervju kan vi altså også studere kva som skjer mellom menneska undervegs i intervjuet, for meining blir ikkje uttrykt berre gjennom ord.

Hugs at kva slags metode du vel, kjem an på kva du skal undersøkje – kva som er forskingsspørsmåla eller problemstillinga di. Det vil igjen bestemme kva slags data du samlar inn.

Når kan fokusgrupper passe?

I alle intervju må vi vere obs på intervjuaren si rolle, både gjennom korleis intervju blir leia, og spørsmåla som blir stilte. Eit fokusgruppeintervju kan bidra til å minske intervjueffekten, det vil seie korleis den som intervjuar påverkar dei som blir intervjua og sjølve intervjuet. I eit fokusgruppeintervju kan intervjuaren kanskje vere meir tilbaketrekt.

Wibeck (2000, s 127) viser til at denne metoden gir djupn og viser samanhengar, og gjer at ein forskar får større forståing for kva som ligg bak menneske sine tankar og erfaringar.

Fokusgruppeintervju kan også spare tid, men det er ikkje det som skal styre om du velg det eller individuelle intervju. Det vel du ut frå kva som eigner seg best for innsamling av data for nettopp ditt tema og utvikling av di problemstilling.

Fokusgrupper kan også passe når du tenkjer du har eit sensitivt tema. For nokon – men ikkje for alle! – kan det vere lettare å snakke i ei gruppe der fleire har same erfaring og bakgrunn.

Før intervjuet:

Før du går i gang, må du ha tenkt gjennom korleis du skal gjere dette rent praktisk, og korleis du skal leie intervjuet. Wibeck (2002, ss 48-49) viser til at du mellom anna må ta stilling til følgjande punkt:

  • Gruppesamansetjing
  • Gruppestorleik og talet på grupper

Korleis gruppa er sett saman, betyr mykje for kva slags informasjon du får. Personane i gruppa kan ha både svært ulike og svært like meiningar og erfaringar. Tenk deg eit gruppeintervju som tek for seg "fråværsregler i vidaregåande skule". Trur du at du ville fått ulike meiningar og erfaringar dersom gruppa besto av berre elevar eller berre lærarar, eller kva viss gruppa besto av begge delar?

Kor mange gruppemedlemmar bør det vere? Det viktigaste her er at det ikkje blir for mange. Tenk på eit fokusgruppeintervju som ein samtale mellom dei som deltek. Kanskje er 3-4 nok?

Du må også ha ganske klart for deg kva du skal spørje om eller ta opp, og ha førebudd ein intervjuguide, ut frå problemstillinga di. Det kan vere lurt å teste ut spørsmåla dine på nokon få først.

Om du skal ha ei eller fleire grupper, er igjen eit spørsmål om kor detaljrik og nyansert informasjon du ønskjer. To forskjellige grupper kan gi ulik informasjon, avhengig av om dei er like eller ulike. Tenk deg at du har temaet «likestilling» – der kan det vere et poeng å dele gruppene etter kjønn, for å få fram ulike synspunkt.

Kor mykje skal du sjølv delta og styre samtalen?

Kor mykje du sjølv skal delta når du gjennomfører intervjuet, kjem mykje an på sjølve intervjusituasjonen. Når dialogen flyt godt, og respondentane held seg til tema, kan intervjuaren vere meir passiv. Men viss respondentane ikkje held seg til saka, eller berre nokre få kjem til orde, må intervjuaren ha ein meir aktiv rolle som moderator og administrator. Samtidig må du ikkje bli så ivrig etter å gjennomføre intervjuet at du avbryt respondentane, for då risikerer du å miste informasjon som kan vere både nyttig, ny og spennande for temaet ditt!

Gruppe kvinner som snakker sammen. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva viss til dømes ein person tek ordet og avbryt dei andre? Førebu deg på slike situasjonar. Kva kan du konkret seie til gruppa og vedkommande for at fleire skal få kome til orde? Du må vere førebudd på dynamikken i gruppa, så du som intervjuar klarer vere høflig og imøtekommande, men samtidig styre intervjuet.

Korleis samle inn og arbeide med datamaterialet?

Etter eit fokusgruppeintervju kan det vere lurt å transkribere intervjuet, det vil seie at du skriv ned ord for ord alt som blei sagt. Under eit intervju kan du også ta notat, og du kan kombinere innspeling og notat. Notata gjer det enklare å få ei rask oversikt over datamaterialet, men det kan vere vanskeleg å notere samtidig som du styrer intervjuet. Er de to, kan til dømes ein styre intervjuet, og ein ta notat.

Etter at du har transkribert og/eller teke notat, startar første trinn av analysen, nemleg å sortere og kategorisere materialet. Det er fleire måtar å gjere dette på, og igjen: Dette heng saman med forskingsspørsmåla dine. Widerberg (2002, s 139) foreslår at du kan systematisere etter variablar og tema. Du kan også sortere etter sitat og utsegner som uttrykkjer lik meining, og sjå etter om det er nokon form for mønster: Er det noko som går igjen?

I ein studie som tok for seg organisasjonskultur hos ein spesifikk organisasjon, var det tre erfaringar som gjekk igjen hos respondentane, og sitat frå intervjua blei samla under nettopp desse for analyse og vidare drøfting. Det var tre "gjengangarar" i samtalen; respondentane snakka mykje om at dei brukte mykje tid på ei interesse, at det dei heldt på med kravde mykje kunnskap, og at denne sosiale arenaen bar preg av uoversiktleg organisasjonsstruktur. Kategoriane blei dermed tid, kunnskap og organisering. Studien handla om organisasjonskultur, og tidsbruk, kunnskap og organisering blei drøfta vidare som kulturelle trekk i organisasjonen, saman med eit teoretisk perspektiv på organisasjonskultur.

Kor mykje, kor nøye og hjelp – kva no?

Forhåpentlegvis veit du no litt om kva fokusgruppeintervju er, korleis du gjer det og kvifor, og når det kan vere ein aktuell metode for datainnsamling. Men denne intervjuforma og metoden generelt er mykje meir omfattande enn som så. Faget sosiologi og sosialantropologi i vidaregåande skule gir deg ein introduksjon til ulike delar av faget, og kor mykje i djupna du skal gå på dei ulike delane vil hengje saman med oppgåver du jobbar med og kompetansemåla i faget.

Fokusgruppeintervju kan vere eigna viss du jobbar med ei fordjupingsoppgåve og skal gjennomføre di eiga kvalitative undersøking. Hugs også på Informert samtykke.

Tips: Her finn du meir lærestoff om dei ulike fasane i forskingsprosessen:
Forskning for forskerspirer. Dette er ei ebok som er fin å bruke som oppslagsverk når du skal gå nærmare inn på dei ulike fasane i forskingsprosessen og gjennomføring av intervju.

Litteraturliste:

Wibeck, Victoria (2000) Fokusgrupper. Lund: Studentlitteratur.
Widerberg, Karin (2002) Kvalitativ forskning i praktiken. Lund: Studentlitteratur.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Kvalitativ metode