Deltakande observasjon er sosialantropologen sin fremste metode og den viktigaste kjelda hennar til kunnskap, men graden av deltaking kan variere. I denne oppgåva skal de prøve dykk på passiv og moderat deltaking.
Oppgåver
- Ta i bruk skolekantina, eit opphaldsrom, klasserom eller andre område du er kjent med. Foreta passiv deltaking, der du berre observerer og kartlegg grupperingar, språk, klesstil, kjønnsfordeling og liknande blant dei som oppheld seg der. Er det for eksempel nokon forskjellar på ulike studieretningar? Kvifor trur du det er slik? Hugs å ta notat undervegs.
- Moderat deltaking handlar om å finne ein balanse mellom observasjon og deltaking. I oppgåve a observerte og kartla du grupperingar, språk, klesstil, kjønnsfordeling og så vidare. I denne oppgåva skal du først observere og deretter delta i samtalar med dei. Her kan det vere nyttig å bruke observasjonstida til å lage nokon spørsmål du kan stille aktørane under deltakinga. For eksempel om språk, klesstil og liknande. På den måten kan du bekrefte eller avkrefte dei slutningane du kom fram til i oppgåve a. Hugs å ta notat undervegs.
- No har du undersøkt stader og personar som du sjølv er kjent med. Trur du er enklare eller vanskelegare å undersøke kulturar, sosiale situasjonar eller samfunn som ein ikkje kjenner frå før? Kvifor?
CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019