Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor speler vi dataspel?

For hardcore gamerar er det å spele dataspel det aller viktigaste i livet. Men dei fleste speler berre av og til for å slappe av eller for å oppleve meistringsglede –åleine eller saman med andre.

Hardcore gamer eller casual-spelar

Vi ser gjerne for oss den typiske gameren som ein nerdete tenåringsgut som sit inne og speler heile dagen. Vi ser han for oss som ein hardcore gamer, ein person som er dedikert og prioriterer speling framfor mykje anna. Men det finst mange spelarar som ikkje passar denne skildringa, og det finst spelarar av begge kjønn og i alle aldersgrupper.

Omgrepet casual-spelarar blir brukt om dei som speler når dei har ei ledig stund eller treng eit avbrekk. Spela er derfor enkle og gir raske premiar. Store aktørar tilbyr ofte slike spel via sosiale medium.

Tenk etter

  • Det engelske ordet casual betyr "tilfeldig". Er du ein slik tilfeldig spelar? Eller kanskje er du ein dedikert spelar?

  • Kva speler du?
  • Når speler du, og kvifor?

Gruppering av spelarar

Fleire forskarar har studert ulike spelartypar, val av spel, spelaråtferd og spelarkultur. Forskaren Richard Bartle grupperer spelarar ut frå kva som interesserer dei:

Strevarar (achievers)
er spelarar som ønsker å meistre utfordringane i spelet best mogleg, og dei blir motiverte av konkurransen med andre spelarar og av reglane i spelet.
Oppdagarar (explorers)
er ikkje så opptekne av å vinne, dei er meir opptekne av å utforske og kartlegge den virtuelle verda i spelet.
Mordarar (killers)
høyrest kanskje frykteleg ut, men dette er berre ei nemning på spelarar som liker å utfordre andre spelarar og meistre spelet betre enn andre.
Sosiale spelarar (socialisers)
er meir opptekne av å samarbeide (interagere) med andre spelarar enn dei er av å interagere med sjølve spelet. (Bartle, u.å.)
Ein avatar i dataspelet World of Warcraft. Skjermdump.

Prestasjon, sosialt samvær og innleving

Daedalus-prosjektet av forskaren Nicky Yee viser at spelarar er drivne av ein meir nyansert og samansett motivasjon. Studien viser at gjennomsnittsalderen blant MMORPG-spelarar (Massive Multiplayer Online Role-Playing Game) er rundt 26 år, og ein stor del av spelarane er vaksne som jobbar eller studerer. (Yee, u.å.a). Jenter som speler MMORPG, er ofte eldre enn gutane. (Yee, 2003).

Nicky Yee peiker på tre hovudmotiv for å spele med andre på nettet: sosialt samvær, prestasjon og innleving (Yee, u.å.b., s. 6)

Sosialt samvær

Gjennom dataspel på nettet treffer vi nye venner, hjelper kvarandre med å løyse oppgåver og utfordringar og chattar med kvarandre mens vi speler. Når vi snakkar saman på nettet, kan vi gi vi kvarandre støtte, vere personlege og dele gleder og bekymringar frå eigne liv.

Mange liker samarbeidet dei har med andre i grupper, til dømes for å vinne konkurransar mot andre grupper i dataspelet. Det kan vere tilfredsstillande å samarbeide og prestere i lag.

Prestasjon

Mange dataspel har spelmekanikk som motiverer og gir speleglede. Vi opplever progresjon og får meir makt og høgare status jo meir vi speler. Gjennom å følge med på tal, analysere spelet og sjå oss sjølv samanlikna med andre kan vi få oversikt over vår eiga meistring og vår eigen prestasjon.

Konkurranseelementet er òg viktig i spelinga. Korleis utfordrar vi andre? Mange spelarar blir motiverte av å dominere og provosere andre spelarar.

Innleving

Innleving er for mange ein motivasjon for å spele dataspel på nettet saman med andre. Dei kan oppleve stor glede i å leve seg inn i roller, skape og utvikle karakteren (avataren) sin og bruke fantasien. Utsjånad, utstyr, stil og fargar kan endrast. Vi kan dra på oppdagingsferd og utforske verder og andre vi møter. Det er spennande å lete etter og finne skjulte ting i spelverder.

Innleving inneber òg å ta fri frå kvardagen: Vi kan spele for å slappe av eller kanskje til og med flykte frå verkelegheita.

Tenk over

  • Kva spelartype er du?
  • Kva motivasjon for å spele dataspel kjenner du deg best igjen i?
  • Korleis kan du bruke omgrep om spelartypar og spelemotivasjon i analysen av eit dataspel?

Læring med dataspel

Nokre skular har teke i bruk dataspel i undervisninga. Dei legg vekt på at spel aktiviserer og motiverer elevane, sidan spela er bygde opp slik at elevane sjølve kan påverke gangen i handlinga. Då er det lettare å føle eigarskap til innhaldet og i nokre samanhengar få ei djupare forståing av faglege problemstillingar. Spel kan òg stimulere til meir samhandling i klassen, og elevane får høve til å lære av dei vala medelevane tek.

Kjelder

Bartle, R. (u.å.). Hearts, Clubs, Diamonds, Spades: Players Who Suit MUDs. Henta 3. januar 2024 frå https://mud.co.uk/richard/hcds.htm

Yee, N. (2003, 1. januar). Gender and Age Distribution. The Daedalus Project. The Psychology of MMORPGs. http://www.nickyee.com/daedalus/archives/000194.php

Yee, N. (u.å.a). Player Demographics. The Daedalus Gateway. The Psychology of MMORGPs. Henta 3. januar 2024 frå http://www.nickyee.com/daedalus/gateway_demographics.html

Yee, N. (u.å.b). Motivations of Play in MMORPGs. Results from a Factor Analytic Approach. Henta 3. januar 2024 frå http://www.nickyee.com/daedalus/motivations.pdf

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hans Petter Ellingsen og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2024

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad