Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Illustrer dei ulike påverknadsteoriane

Sjå for deg at du jobbar i eit reklamebyrå som skal lansere eit produkt som aldri tidlegare er vorte lansert på den norske marknaden: energidrikk til seksåringar. Du har ansvaret for førebuingane i prosjektet.
Energidrikker i utvalg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag enkle animasjonar eller illustrasjonar som gjer at kollegaene dine og oppdragsgivaren forstår korleis dette produktet kan lanserast, og korleis det vil kunne bli teke imot. Du skal basere arbeidet ditt på det du har lært om følgjande påverknadsteoriar:

  1. stimuli–respons (dei allmektige media)
  2. opinionsleiarar og tostegshypotesen (dei avmektige media)
  3. dagsordenfunksjonen (dei mektige media)
  4. kultivasjonsteorien

Oppgåva kan også løysast som gruppeoppgåve.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2017

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad