Hopp til innhald

Fagstoff

Idéutvikling – samling av øvingar

For å utvikle eit nytt produkt må du først og fremst ha ein god idé. Men korleis kjem du på den gode ideen? Her har vi samla enkle og morosame øvingar som utviklar evna til å tenkje kreativt, og som får i gang gode prosessar for idéutvikling.
Ein person med mange idear som strøymer ut av hovudet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Idémyldring – leik med idear

Føremålet med idémyldring er å få fram så mange idear som mogleg utan at ein i første omgang tek omsyn til om dei er spesielt gode eller lèt seg gjennomføre.

Når vi driv idémyldring, er det viktig å sjå på prosessen som ein leik der ingen har lov til å komme med negative kommentarar. Tvert imot gjeld det å støtte alle idear som kjem. Ingen idé er for dum, ingen idé er for vågal eller for rar. Her er det lov å «ta av», og i ein god idémyldringsprosess ler vi mykje.

For å halde orden på ideane kan vi setje dei inn i eit tankekart. Slik får vi systematisert dei. Det er viktig å avslutte idémyldringsprosessen på ein tydeleg måte. For no skal vi sjå på ideane våre med eit kritisk blikk og velje dei vi som gruppe trur best lèt seg gjennomføre for å dekkje det behovet vi har teke utgangspunkt i.

Relatert innhald

Meister er ei enkel øving for å få opp stemninga og få i gang prosessar for idéutvikling. Øvinga eignar seg før de går i gang med å utarbeide idear.

CC BY-SASkrive av NRK.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2020

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift