Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike typar banklån

Her skal vi sjå nærare på ulike typar banklån. Vi skal òg sjå på kva det kostar å låne pengar.

Ulike typar banklån

Langsiktige lån

Lån med nedbetalingstid over eitt år kallar vi langsiktige lån. Banken vil oftast ha sikkerheit for lånet med pant i eigedom eller eigedelar i bedrifta. Vi kallar det derfor pantelån. Det er lågare renter på slike lån enn på kortsiktige lån.

Dersom bedrifta ikkje greier å betale avdrag og renter, kan banken gjere bruk av sikkerheita. Det vil seie at eigedelane må seljast for å dekkje kravet til banken.

Kortsiktige lån

Lån med nedbetalingstid under eitt år kallar vi kortsiktige lån. Slike lån er gjerne utan sikkerheit og har vanlegvis noko høgare rente enn langsiktige lån.

Kassekreditt

Kassekreditt er eit «fleksibelt» lån. Vi avtaler ei ramme, kor mykje vi totalt kan låne, og vi betaler rente etter kor mykje vi til kvar tid har brukt av eller lånt på kassekreditten.

Rentene på kassekreditten er forholdsvis høge. Vi betaler éin rentesats for trekk under 60 % av ramma og ein høgare rentesats for det som er trekt over 60 % av ramma. Ved trekk over 100 % er det endå høgare rente. Viss vi ikkje har trekt noko (brukt av) på kassekreditten, men faktisk har eit innskot, får vi renteinntekter. Men rentesatsen er ikkje så stor for slike «innskot».

Renter

Rentesatsen på eit lån, slik han står i låneavtalen, kallar vi nominell rente. Sidan det kjem bankgebyr i tillegg, blir renta eigentleg høgare. Då snakkar vi om effektiv rente.

Det er viktig med god planlegging når det gjeld finansieringa. Eigenkapitalen og den langsiktige gjelda kallar vi langsiktig finansiering. Ho bør normalt vere høg.

Det er den kortsiktige gjelda som er farleg, for ho gir høge rentekostnader. Har vi dårleg likviditet slik at vi ikkje greier å betale alt ved forfall, gir det ekstra høge rentekostnader.

Fagomgrep

Kassekreditt er eit fleksibelt lån som blir disponert frå driftskontoen innanfor løyvd ramme.

Kortsiktig lån er lån med nedbetalingstid under eitt år.

Langsiktig lån er lån med nedbetalingstid på over eitt år.

Pant er sikkerheit for ei økonomisk forplikting.

Pantelån er lån med sikkerheit i eigedom eller eigedelar.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 17.02.2020

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift