Hopp til innhald

Fagstoff

Behov for oppstartskapital – eit døme

Oppstartskapital er pengar som eigarane treng for å kome i gang med bedrifta. Vi skal her sjå på kva IT-bedrifta Morten og Minoos support treng av utstyr, og korleis dei har tenkt å finansiere oppstart av bedrifta.
Mann ved arbeidsbord med fleire dataskjermar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Morten og Minoos IT-bedrift

Morten og Minoo har kome eit stykke på veg med planane om å starte si vesle IT-bedrift Morten og Minoos support. Vi skal no sjå kva dei treng av utstyr. Vi skal òg sjå kor mykje kapital dei treng for å kome i gang.

Morten og Minoo har tidlegare laga ein forretningsplan som inneheld førebelse planar om korleis bedrifta skal finansierast (skaffe pengar). Dei har valt aksjeselskap som selskapsform. Dei har ein aksjekapital på 100 000 kroner, sjølv om styresmaktene ikkje krev meir enn 30 000 kroner.

Aksjeselskap og aksjekapital

Aksjeselskap er eit selskap (bedrift), der eigarane har betalt inn aksjekapital. Aksjekapital er den verdien eigarane spyttar inn i eit aksjeselskap. Ved oppstart av eit selskap (bedrift) kjøper eigarane ein del av aksjane og sørger for kapital (pengar) til bruk i oppstarten.

Kva treng dei av utstyr?

Det første dei må gjere, er å finne ut kva dei treng av utstyr for å kunne drive bedrifta. Etter mykje planlegging har dei kome fram til dette:

Inventar

To kontorpultar, to kontorstolar, ein kundeskranke, ei sittegruppe (bord og fire stolar), ein sofa, to hyller for pynteting og brosjyrar, fire bilete til å henge opp på veggen, fire blomsterkrukker, to teppe.

Datautstyr

Ein datasørvar, to berbare pc-ar, ei kopimaskin (kombinert med skrivar, skanning og telefaks), dataprogram (to lisensar med Microsoft Office, ein lisens med Visma Avendo rekneskaps- og fakturaprogram, to lisensar med Visma CRM kundestøtteprogram) og eitt kasseapparat.

Kva treng dei av kapital?

Morten og Minoo har brukt mykje tid på å hente inn tilbod, og dei har søkt på finn.no etter brukte gjenstandar. Dei har no funne kva dei treng, og oversikta ser slik ut:

kapitalbehov

Eigedelar

Inventar

50 000

Datautstyr

90 000

Kontantar

25 000

Sum

165 000

I tillegg til eigedelane på til saman 140 000 kroner (inventar + datautstyr) føler dei behov for å ha ein kontantreserve på 25 000 kroner til løpande utgifter. Det kan vere kritisk å gå heilt tom for kontantar. Dei har ikkje bestilt nokon eigedelar enno, og dei må først finne ut om dei greier å skaffe dei pengane som trengst.

Eigedelane skal dei finansiere ved hjelp av samla eigenkapital på 100 000 kroner, lån i banken på 50 000 kroner og ein kassekreditt som utgjer 15 000 kroner.

Morten og Minoo har dermed skaffa seg oversikt over eigedelar og finansiering, og dei kan lage denne oppstillinga:

eigedelar og finansiering

Eigedelar

Eigenkapital og gjeld

Inventar

50 000

Eigenkapital

100 000

Datautstyr

90 000

Lån

50 000

Kontantar

25 000

Kassekreditt

15 000

Sum

165 000

Sum

165 000

No er det ikkje brukt pengar av kassekreditten enno, men dei har fått eit bilete av situasjonen. Dei har laga ein balanse for bedrifta si.

Det heiter balanse fordi summen av eigedelar og summen av eigenkapital og gjeld balanserer – dei er like store. Vi kan seie at høgre side viser kvar pengane kjem frå, medan venstre side viser kva pengane er brukte til. Høgre side viser med andre ord kapitalinnkjøpet, og venstre side viser kapitalanvendelsen. Det er dei "same pengane" som står på dei to sidene i balansen.

Kapitalinnkjøp viser altså kvar pengane kjem frå, korleis eigedelane er finansierte. Kapitalanvendelse viser kva pengane er brukte til.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 06.12.2017

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift