Hopp til innhald

Fagstoff

Finansiering av di eiga bedrift

Kor mykje pengar treng du for å starte di eiga bedrift? Og korleis kan du skaffe den kapitalen du treng?

Kapitalbehov

Først må du finne ut kor mykje du treng. Du treng kanskje å kjøpe inn utstyr, leige lokale, kjøpe inn varer og ta ut løn? Du bør setje opp eit budsjett for å få oversikt over kor mykje kapital du treng. Her bereknar du kor mykje startkapital du må ha, og kor mykje du treng til drift den første tida.

Ei bedrift bør tole å tape pengar i byrjinga. Men viss eigenkapitalen er for låg, toler han ikkje det. Eigenkapitalen bør derfor utgjere minst 40 % av finansieringa.

Korleis kan du skaffe pengane?

  • bruke pengar du sjølv eller forretningspartnaren din har spara opp (eigenkapital)
  • låne pengar i banken (gjeld)
  • skaffe ein investor

Når du søkjer om lån frå banken, er det viktig at forretningsplanen din fortel korleis du har tenkt å tene pengar på bedrifta. Forretningsplanen bør vise at det er sannsynleg at du klarer å tene pengar, slik at banken seinare får igjen pengane dei har lånt ut til deg – med renter.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen og Oddvar Torgersen.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2020

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift