Hopp til innhald

Fagstoff

Starte eit aksjeselskap

Har du planar om å starte ei verksemd som inneber ein økonomisk risiko? Er de fleire som vil starte bedrift saman? I så fall kan det vere smart å velje aksjeselskap som selskapsform.
Kollegaer som jobbar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stifte eit aksjeselskap

Éin eller fleire aksjonærar kan stifte (opprette) og eige eit aksjeselskap. Alle aksjonærane må vere myndige, dei må ha opphalds- og arbeidsløyve i Noreg, og dei kan ikkje vere under konkurskarantene.

Du stiftar eit aksjeselskap på nettsida til Altinn.

Aksjeselskapet må òg registrerast i Føretaksregisteret. Først må de halde eit , der de skriv eit stiftingsdokument med vedtekter. De må òg halde ei konstituerande generalforsamling, som er eit møte for alle eigarane (aksjonærane).

Stiftingsdokumentet skal innehalde

  • namn, adresse og fødselsnummer til alle aksjonærane
  • opplysning om kor mange aksjar kvar aksjonær skal kjøpe
  • beløpet dei skal betale per aksje
  • fristen for å betale for aksjane
  • namn på medlemmene i styret
  • eventuelle særskilde avtalar
  • vedtekter for selskapet
Les meir – aktulle lenkjer

Konkurskarantene, Brønnøysundregistera

Stifting av aksjeselskap, Altinn

Signering

Stiftingsdokumentet skal vere datert og signert av alle aksjonærane. Alle aksjonærane må òg signere stiftingsdokumentet i Altinn.

Registrering i Føretaksregisteret

Alle aksjeselskap skal registrerast i Føretaksregisteret hos Brønnøysundregistera. Som vedlegg må de sende inn

  • stiftingsdokumentet med vedtekter
  • ei stadfesting frå banken på at aksjekapitalen er betalt inn

Kostnader ved å opprette eit aksjeselskap

Elektronisk registrering i Føretaksregisteret kostar 5 570 kroner (i 2020). Det er lov å bruke av aksjekapitalen for å betale registreringskostnadene.

Kor mykje kostar det å registrere eit aksjeselskap no?

Sjå oppdatert takst for registrering av aksjeselskap hos Brønnøysundregistera.

Krav som aksjelova stiller til aksjeselskap

Alle aksjeselskap må følgje føresegnene i aksjelova. Og aksjelova stiller ei rekkje krav:

Krav til aksjekapitalen

  • Aksjekapitalen må vere minst 30 000 kroner.
  • Kapitalen kan vere fordelt på éin eller fleire aksjar.
  • Alle aksjane må ha same verdi.

Krav til firmanamnet

  • Namnet på føretaket må innehalde ordet «aksjeselskap» eller forkortinga «AS».
  • Namnet skal ikkje vere villeiande.
  • Det må innehalde minst tre bokstavar frå det norske alfabetet.
  • Det kan ikkje åleine bestå av namnet på eit land, eit fylke eller ein kommune.
Er bedriftsnamnet ledig?

Sjekk på Namnesøk om bedriftsnamnet de ønskjer å bruke, er ledig.

Krav som gjeld styret

  • Alle aksjeselskap skal ha eit styre.
  • Minstekravet er å ha ein styreleiar.
  • Styret har ansvaret for forvaltninga av selskapet og skal

    • fastsetje planar og budsjett
    • halde seg orientert om den økonomiske situasjonen i selskapet
    • velje dagleg leiar

Medlemmene i styret kan bli haldne erstatningsansvarlege og strafferettsleg ansvarlege dersom dei .

Krav som gjeld dagleg leiar

Alle aksjeselskap skal òg ha ein dagleg leiar. Dagleg leiar

  • har møteplikt i styret
  • skal leie og gjennomføre dei planane og strategiane styret har vedteke, gjennom den daglege leiinga av selskapet
  • skal minst kvar fjerde månad, i møte eller skriftleg, orientere styret om verksemda, resultatutviklinga og stillinga til selskapet

Krav til vedtektene

Vedtektene bestemmer dei indre forholda i selskapet som ikkje er regulerte i lovverket. Vedtektene er bindande for selskapet.

Vedtektene skal innehalde opplysningar om

  • kva selskapet heiter
  • kor stor aksjekapitalen er
  • kva aksjane har
  • kva verksemd selskapet driv
  • andre avgjerder

Krav som gjeld bokføring og rekneskapsføring

  • Alle aksjeselskap har rekneskaps- og bokføringsplikt.

    • Alt kontantsal skal registrerast på eit kassaapparat eller i eit likeverdig system, jf. kassasystemlova.
    • Dersom selskapet sel tenester basert på tidsbruk, må det kunne dokumenterast kor mange timar som er utførte.
  • Årsrekneskapen må sendast inn til Rekneskapsregisteret.
  • Næringsoppgåve 2 skal sendast inn som elektronisk vedlegg til skattemeldinga eller selskapsmeldinga.
  • Aksjeselskap med enkle skatteforhold kan i staden levere Næringsrapport skatt.
  • Rekneskap og vedlegg skal takast vare på i 5 år.
  • Aksjeselskap med ei årleg omsetjing under 6 millionar kroner treng ikkje å bruke revisor.
Les meir – aktuelle lenkjer

Aksjelova, Lovdata

Bokføringsplikt, Altinn

Kassasystemlova, Lovdata

Rekneskapsregisteret, Brønnøysundregistera

Næringsoppgåve, Skatteetaten

Krav som gjeld betaling av skatt

Ein aksjonær kan vere tilsett og ta ut løn. Då trekkjer selskapet som arbeidsgivar skatten på førehand, på grunnlag av skattekortet aksjonæren har levert inn. Lønsutgiftene (brutto løn og arbeidsgivaravgift) blir kostnadsførte i selskapet.

For utbyte som blir delt ut til aksjonærane, skal det betalast 31,68 prosent skatt.

Det skal òg betalast skatt av overskotet i eit aksjeselskap (for 2020 var satsen 22 prosent). Denne skatten, som blir kalla forskotsskatt, skal likevel ikkje betalast før året etter at overskotet er opptent.

Les meir om betaling av skatt

Skatt for aksjeselskap, Altinn

Skatt, Skatteetaten

Krav som gjeld betaling av meirverdiavgift (mva.)

Dersom selskapet omset for under 50 000 kroner per kalenderår:

  • Selskapet skal ikkje fakturere kundane for meirverdiavgift (mva.) og får heller ikkje trekt frå inngåande mva. som selskapet har betalt.

Dersom selskapet omset for over 50 000 kr per kalenderår:

  • Registrer selskapet i Meirverdiavgiftsregisteret og fakturer kundane for meirverdiavgift.
  • Alle varer og tenester er mva-pliktige med mindre dei er særskilt unnatekne frå føresegnene i meirverdiavgiftslova.
  • §5 meirverdiavgiftslova spesifiserer kva som fell utanfor lova.
Les meir – aktuelle lenkjer

Registrere i Meirverdiavgiftsregisteret, Skatteetaten

Satsar for meirverdiavgift, Skatteetaten

Unntak frå meirverdiavgiftsplikta, Altinn

Meirverdiavgiftslova, Lovdata

Krav til fakturaene

Fakturaene må innehalde

  • namn og adresse på kjøpar og seljar
  • organisasjonsnummeret til seljaren – med ordet «Føretaksregisteret» føre og bokstavane «MVA» bak
  • fakturanummer, dato og årstal
  • forfallsdato
  • kva slags yting det gjeld, og omfanget av ytinga (dvs. kva som blir selt, og kor mykje som blir selt av det)
  • beløp og spesifisert mva-sats og mva-beløp
  • bankkontonummer

Vurder å bruke ein rekneskapsførar

Aksjeselskap har rekneskapsplikt. De kan føre rekneskapen sjølv, men skattemyndigheitene tilrår å bruke ein rekneskapsførar dersom ein ikkje kan så mykje om rekneskapsføring frå før. Dersom de bruker revisor, må denne vere .

Har selskapet tilsette?

Både aksjonærar og andre kan vere tilsette i aksjeselskapet. Dersom selskapet har tilsette, må de

  • registrere dei tilsette i Aa-registeret hos Nav
  • teikne yrkesskadeforsikring for dei tilsette
  • skrive arbeidsavtalar for alle arbeidsforhold
  • opprette ein skattetrekkskonto i banken
  • betale arbeidsgivaravgift på 14,1 prosent, 6 gonger i året
  • betale feriepengar til dei tilsette (minimum 10,2 prosent)
  • lage ein HMS-plan (plan for helse, miljø og sikkerheit)
  • betale oblitorisk tenestepensjon for dei tilsette (minimum 2 prosent)
Les meir – aktuelle lenkjer

Aa-registeret, Nav

Yrkesskadeforsikring, Arbeidstilsynet

Arbeidsavtale, Arbeidstilsynet

Skattetrekkskonto, Skatteetaten

Satsar for arbeidsgivaravgift, Skatteetaten

Feriepengar, Altinn

HMS, Arbeidstilsynet

Obligatorisk tenestepensjon, Altinn

Personlege rettar

Kva slags personlege rettar du har, er basert på kva du tek ut i løn. Kva du tek ut i utbytte, påverkar ikkje dei personlege rettane dine. Som lønstakar blir du rekna som ein «vanleg» tilsett, sjølv om du jobbar for ditt eige selskap. Du har dei same personlege rettane som alle andre tilsette.

  • Du har rett til 100 prosent sjukepengar frå første sjukedag. Det er selskapet som betaler sjukepengane dei første 16 kalenderdagane.
  • Du har rett til dagpengar dersom du blir arbeidsledig.
Les meir – aktuelle lenkjer

Arbeidsmiljølova, Lovdata

HMS-forskriftene med rettleiingar frå Arbeidstilsynet

Lenkjer til aktuelle etatar og sider

Etablerarsenteret – etablerersenteret.no

Brønnøysundregistera – brreg.no

Tolletaten – toll.no

Altinn – altinn.no

Skatteetaten – skatteetaten.no

Nav – nav.no

Arbeidstilsynet – arbeidstilsynet.no

Lovdata – lovdata.no

Innovasjon Noreg – innovasjonnorge.no

Offentleg portal – norge.no

Norid: registeret for norske domenenamn – norid.no

Artikkelen er utarbeidd i samarbeid med Etablerarsenteret.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen og Etablerersenteret.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2019

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift