Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fallgruver ved oppstart av eiga bedrift

Kva er årsakene til at mange bedrifter ikkje lykkast med bedriftsetablering? Skriv ned dine eigne tankar før du ser filmen.

Ifølgje ei undersøking frå SSB frå 2019 er berre 29,8 % av nyetablerte bedrifter framleis aktive etter fem år.

Statistikk om overleving og vekst til nyetablerte føretak på SSB sine nettsider

Oppgåve

  1. Sjå filmen, og skriv ned fallgruvene ved å etablere eiga bedrift. Kva trur du er dei tre viktigaste?
  2. Finn døme på bedriftsetableringar, gjerne i lokalmiljøet, som ikkje har vore vellykka eller ikkje har vart over tid? Har disse bedriftene gått i nokon av fallgruvene som er nemnde i filmen?
CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2020

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift