Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis skaffe kapital? Eit døme

Å finansiere vil seie å skaffe pengar til ei bedrift. Her skal vi sjå korleis Morten og Minoo har tenkt å finansiere bedrifta si.
Mann held ein diger magnet som trekkjer til seg pengar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Morten og Minoo er komne eit stykke på veg med planane om å starte si vesle IT-bedrift Morten og Minoos support. Vi skal sjå kor mykje kapital dei treng for å kome i gang, og korleis dei har tenkt å skaffe pengane.

Korleis skal dei skaffe kapitalen?

Morten og Minoo har greidd å skaffe seg heile eigenkapitalen på 100 000 kr. Eigenkapital er pengar du sjølv puttar inn i bedrifta. Noko av dette har dei ordna ved å låne av foreldra sine. Begge mødrene kjem òg til å vere ein del av bedriftsstyret.

Langsiktig lån

Morten og Minoo avtaler eit møte med den lokale banken for å diskutere vidare finansiering. Dei vil be om eit langsiktig lån på 50 000 kr. Eit langsiktig lån er eit lån med avdragstid på meir enn eitt år. Det er eit ønske at lånet skal gå over tre år.

Kassekreditt

Det dei treng utover dette, blir finansiert gjennom ein kassekreditt. Kassekreditt er eit fleksibelt lån med ei øvre grense på kor mykje vi totalt kan låne. Det blir avtalt ei ramme, det vil seie kor mykje ein totalt kan låne. Så betaler ein renter av det ein har brukt (eller lånt) av kassekreditten.

Mange har ei slik ordning knytt til lønnskontoen. Til vanleg står det pengar på kontoen, men ein kan til dømes trekkje 10 000 kr ekstra. På den måten kan kontoen kome i minus, og då må ein betale renter av dette.

Morten og Minoo bestemmer seg for å søkje om ein kassekreditt med ei ramme på 100 000 kr. Då vil dei ha den kontantreserven dei treng.

Møtet i banken går svært bra. Bankrådgivaren er imponert over forretningsplanen, styresamansetjinga og oppsettet over eigedelane. Banken godkjenner lånet og kassekreditten.

Relatert innhald

Finansiering dreier seg om å skaffe penger til bedrifta di. Du treng penger til å kjøpe utstyr, leige lokale og ta ut lønn. Her får du gode tips.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 06.12.2017

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift