Hopp til innhald

Fagstoff

Starte eit enkeltpersonføretak

Korleis går du fram om du vil opprette eit enkeltpersonføretak?
Ung kvinne som driv sitt eige bakeri. Foto.

Opprette eit enkeltpersonføretak

For hobbybaserte småjobbar som du gjer heime hos privatpersonar, kan du få inntil 6 000 kroner i løn skattefritt utan å ha ditt eige firma. Les meir i artikkelen «Utføre småjobbar».

Ønsker du å tene meir pengar, kan du organisere deg som næringsverksemd. Det enklaste firmaet du kan opprette, er eit enkeltpersonføretak. Som namnet seier, er dette berre aktuelt for personar som skal starte opp firma åleine.

Skal du starte ei bedrift som krev lite kapital og inneber liten økonomisk risiko, kan eit enkeltpersonføretak vere ei eigna selskapsform.

For eit enkeltpersonføretak gjeld desse reglane:

  • Det er eigd av ein enkeltperson.
  • Eigaren er personleg ansvarleg for gjeld og forpliktingar.
  • Det ikkje er regulert av noka lov.
  • Det må vere registrert i Einingsregisteret.
  • Firmanamnet må innehalde etternamnet til eigaren.
  • Det pliktar ikkje å bruke revisor (så lenge det er eit lite føretak).
Registrering i Einingsregisteret

Om Einingsregisteret

Registrer eit enkeltpersonføretak i Einingsregisteret.

Registrere føretaket i Brønnøysundregisteret

Alle enkeltpersonføretak må registrerast i Einingsregisteret for å få eit organisasjonsnummer. Du treng mellom anna organisasjonsnummeret for å kunne opprette bankkonto. Registreringa i Einingsregisteret er gratis.

Skal du drive varehandel, må du òg registrere enkeltpersonføretaket ditt i Føretaksregisteret. I 2020 kostar elektronisk registrering i Føretaksregisteret 2 250 kroner.

Registrering i Føretaksregisteret

Om Føretaksregisteret

Oversikt over kor mykje det kostar å registrere

Lov om registrering av foretak (føretaksregisterlova)

Laga fakturaer

Det finst fleire faktureringsprogram på nett du kan bruke for å lage fakturaer til kundane, sjå døme nedanfor. Det er eit krav at fakturaene inneheld

  • namn og adresse på kjøpar og seljar
  • organisasjonsnummeret til seljaren – med bokstavane MVA bak dersom føretaket står i Meirverdiavgiftsregisteret
  • fakturanummer, dato og årstal
  • forfallsdato
  • kva slags yting det gjeld, og omfanget av ytinga (dvs. kva du sel, og kor mykje du sel av det)
  • beløp og eventuelt spesifisert mva-sats og mva-beløp
  • bankkontonummer
Døme på faktureringsprogram

Conta faktura

Fiken faktura

SendRegning

Svea – flyt faktura

Debet – fakturaprogram

Fakturanett

Centiga - fakturaprogram

Betale skatt og meirverdiavgift (mva.)

  • Du må betale skatt av inntekta, det vil seie overskotet, frå firmaet. I skattemeldinga skal denne inntekta leggjast til eventuell anna inntekt du har hatt.
  • Som næringsdrivande betaler du forskotsskatt av forventa overskot. Forskotsskatten må du betale inn 4 gonger i året (15.3, 15.5, 15.9 og 15.11).
  • Dersom firmaet går med underskot, får du trekkje dette frå det du måtte ha av lønsinntekt, når skatten din skal reknast ut.
Forskotsskatt

Forskotsskatt for enkeltpersonføretak

Dersom du omset for under 50 000 kroner per kalenderår:

  • Skriv omsetjinga inn i skattemeldinga. Du treng ikkje å levere inn nokon skjema i tillegg.
  • Du skal ikkje fakturere kundane for meirverdiavgift (mva.) og får heller ikkje trekt frå inngåande meirverdiavgift du sjølv har betalt.
  • Du er ikkje rekneskapspliktig, men må likevel dokumentere alle inntektene og kostnadene og ta vare på dette etter bokføringsreglane.

Dersom du omset for over 50 000 kroner per kalenderår:

  • Dersom du har enkle skatteforhold, kan du levere inn skjemaet Næringsrapport skatt saman med skattemeldinga.
  • Har du meir kompliserte skatteforhold, må du levere skjemaet Skattemelding for formues- og inntektsskatt – personleg næringsdrivande o.a. (RF-1030).
  • Registrer deg i Meirverdiavgiftsregisteret, og fakturer kundane for meirverdiavgift.
Skattar og avgifter – aktuelle lenker

Næringsrapport skatt

Skattemelding for formues- og inntektsskatt – personleg næringsdrivande o.a. (RF-1030)

Registrere i Meirverdiavgiftsregisteret

Meirverdiavgift

Personlege rettar for deg som næringsdrivande

  • Du får ingen sjukepengar dei første 16 kalenderdagane dersom du blir sjuk. Deretter får du utbetalt 80 prosent av sjukepengegrunnlaget.
  • Du kan teikne ei sjukeforsikring hos Nav for å få betre dekning.
  • Du har rett til svangerskapspengar og foreldrepengar.
  • Du har ikkje rett til dagpengar og omsorgspengar.
Nav – aktuelle lenker

Sjukepengar

Sjukeforsikring

Svangerskapspengar

Foreldrepengar

Dagpengar

Omsorgspengar

Artikkelen er utarbeidd i samarbeid med Etablerersenteret.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen og Etablerersenteret.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2019

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift