Hopp til innhald

Fagstoff

Draumen om å starte for seg sjølv

Alle etableringar av bedrifter tek sikte på å tene pengar og få eit overskot. Ein person som startar ei verksemd, blir ofte kalla «gründer». Ordet er tysk og tyder «grunnleggjar».
Bill Gates holder foredrag i Asia. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forretningsplan

Sjå for deg at du har fått ein god idé, som du trur du kan tene pengar på – ein forretningsidé. Det første du må gjere, er å lage ein forretningsplan. Forretningsplanen er ein gjennomgang av dei ulike sidene ved ideen og korleis du har tenkt å setje han ut i livet. Denne planen vil hjelpe deg i prosessen fram til etableringa av ei bedrift.

Ein god forretningsplan bør innehalde:


  • Ei beskriving av forretningsideen din. Kva er det bedrifta di skal tilby, og til kven?
  • Korleis skal du produsere og levere det du vil tilby?
  • Ein analyse av marknaden. Kven er aktuelle kundegrupper? Har du konkurrentar som driv med det same, og korleis skil du deg frå konkurrentane?
  • Ein strategi for marknaden. Korleis skal du nå ut til kundane og vinne over konkurrentane dine?
  • Økonomi og budsjett. Kor mykje pengar treng du for å starte opp og etablere deg i marknaden? Kor mykje treng du å tene for å kunne drive bedrifta på lengre sikt?
  • Finansiering. Treng du eksterne investorar eller lån for å ha pengar til å starte opp bedrifta? Korleis skal du betale tilbake pengar du eventuelt har lånt?
  • Korleis skal bedrifta drivast og administrerast i det daglege?
  • Ei samla oversikt som viser konkret korleis du skal gjennomføre alle punkta som er nemnde ovanfor.


Forretningsplanen er eit godt verktøy, fordi han førebur deg på å starte bedrifta, og fordi han kan gi deg eit meir strukturert og realistisk bilete av prosessen. Han forklarer for deg sjølv og andre kva du skal gjere, og kvifor du gjer akkurat det, og ikkje noko anna. Eit grundig arbeid med forretningsplanen vil auke sjansen for at prosjektet ditt endar godt. Og du får god oversikt over den verkelege risikoen du tek på deg med forretningskonseptet ditt.

CC BY-SASkrive av Clemens Saers. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 09.08.2017

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift