Hopp til innhald

Fagstoff

Vern av design

Å utvikle nytt design er ein krevjande prosess. Vi har ei eiga lov som verner design. Designlova hindrar at andre kan kopiere utsjånaden til eit produkt du har laga. Men då må du først registrere retten til designet ditt.
Person med mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Designlova

Noreg har ei eiga lov om vern av design. I lova blir design brukt om forma eller utsjånaden til eit produkt eller til delar av produktet.

Lov om vern av design (lov av 14. mars 2003 nr. 15):

I § 2 nr. 1 er design definert som «utsjånaden til produkt eller ein del av eit produkt som særleg følgjer av dei karakteriserande trekka ved linjene, konturane, fargane, forma, strukturen eller materialen til produktet eller ornamenteringa til produktet.»

Rett til design

Skal de utvikle eit nytt design, må du og samarbeidspartnarane dine ha ein god idé. De må bruke mykje tid og ressursar på å utvikle designet. Desse investeringane bør de beskytte!

De kan registrere rettane til designet. Då kan de få einerett og rettsvern for designet i fem år om gangen. I Noreg leverer du inn ein søknad om å registrere design til Patentstyret.
Dette gjer du digitalt via Patentstyret si heimeside (patentstyret.no).

Ei norsk designregistrering gjeld berre for Noreg. Du kan søkje om
rettar i Europa på EUIPO sine heimesider (euipo.europa.eu) og
internasjonalt på WIPO sine heimesider (wipo.int)

Kva må til for å få rett til design?

  • Designet må være nytt. Det skal ikkje vere offentleggjort tidlegare. Men du har lov til å prøve designet på marknaden inntil 12 månader før du søkjer om designrett.
  • Designet skal vere originalt. Det må altså skilje seg tydeleg frå design som er kjent frå før.
  • Designet skal ikkje stride mot god moral.
  • Designet skal ikkje innehalde flagg eller .

Kvifor registrere designet ditt?

Ei designregistrering dokumenterer retten din til eige design. Då kan du lettare hindre at andre kopierer designet.

Du får eineretten til å utnytte designet kommersielt. Det vil seie at ingen andre kan produsere, annonsere, selje eller bruke designet utan at du gir dei lov. Einerett er viktig i ein konkurranseutsett marknad. Når du kan dokumentere retten til eit design, er det lettare å forhandle om finansiering og å få til sals- og lisensavtalar med andre.

Kva kan designvernast?

Du kan verne:

  • Form og utsjånad på eit produkt, til dømes utforminga av ein tannbørste, eit møbel, ein telefon eller ein bil.
  • Delar av produktet, til dømes eit tannbørstehovud, eit stolbein eller eit tastatur til ein telefon.
  • Utsjånaden på ikkje-fysiske gjenstandar slik som skjermbilete for web, typografiske skrifttypar og grafiske symbol. (Du kan ikkje registrere dataprogram.)
  • Eit ornament, til dømes dekoren på eit servise eller figurane på tekstilar og tapet.
  • Eit interiørarrangement, som til dømes eit kaféinteriør.


Tekniske løysingar kan ikkje vernast ved ei designregistrering. Om du ønskjer vern for den tekniske løysinga, må du også søkje om patentvern.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 18.10.2019

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift