Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Munnleg-praktisk oppgåve: hatytringar og debattkultur

I denne oppgåva skal du og medelevane dine lage ein video der de utforskar grensene for ytringsfridommen og debatterer hatefulle ytringar i sosiale medium. Samtidig får de øvd dykk på å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve.
Fire unge personar deltek i ein debatt. Snakkebobler er over hovuda deira. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med denne oppgåva er

  • å forstå korleis krenkjande og hatefulle ytringar påverkar dei som blir ramma

  • å bli kjend med ulike synspunkt på kvar grensa for ytringsfridom går

  • å kunne reflektere over korleis debattkultur i sosiale medium fremjar og hemmar medborgarskap

  • å øve på å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve

Arbeidsoppdrag

Lag ein video om debattkultur i sosiale medium og grensene for ytringsfridommen. Videoen skal kunne publiserast i sosiale medium som eit mediefagleg fundert innlegg i debatten om retorisk medborgarskap.

Deltakarar i videoen er

  • eit intervjuobjekt som har vorte usett for krenkjande eller hatefulle ytringar i kommentarfelt eller sosiale medium

  • ein debattleiar

  • to unge debattdeltakarar med ulikt syn på kvar grensa går for kva typar meldingar det skal vere lov å poste i sosiale medium

Gjennomføring

Del klassen inn i grupper på fire elevar som samarbeider om å løyse oppdraget. Elevane skal i etterkant lage eit individuelt refleksjonsnotat.

Idé- og researchfase

Studer oppdraget nøye. Ta utgangspunkt i fagkunnskapen de har om ytringsfridom, grensene for ytringsfridommen og retorisk medborgarskap, og gjer grundig research.

Alle i gruppa samarbeider i idéfasen. Vel innfallsvinkel. Skal videoen handle om rasisme eller sexisme i sosiale medium? Kanskje skal han handle om hets av personar som er politisk aktive?

Produksjonsfase

Gruppa deler seg i to mindre grupper.

  • Den eine gruppa tek kontakt med personen som de vil intervjue. Samarbeid om å utarbeide stikkordmanus for intervjuet. Dersom det er vanskeleg å møtast fysisk, kan de gjere skjermopptak av ein videokonferanse mellom journalist og intervjuobjekt.

  • Den andre gruppa finn fram til to unge debattdeltakarar som har klare, men ulike meiningar om temaet. Vel kven av dykk som skal vere debattleiar, og kven som skal stå bak kamera. Debattleiaren skal styre debatten slik at han blir interessant for sjåarane, og vedkomande må stille spørsmål som gjer at deltakarane må argumentere godt for synspunkta sine. Debatten skal følgje vanlege reglar for ein TV-send debatt.

Heile gruppa samarbeider til slutt om å redigere saman intervju og debatt til ein video. Hugs kva som var formålet med videoen!

Eigenvurdering

Lag til slutt dei individuelle refleksjonsnotata dykkar der de vurderer prosess og produkt.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.10.2021

Læringsressursar

Retorisk medborgarskap og debattkultur