Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Offentlegheit og tausheitsspiral

Kvifor blir nokre stemmer og synspunkt underrepresenterte i offentlegheita, og kva kan det føre til?
Foto av mange hender som er strekte opp i lufta og viser langfingeren under ein demonstrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

a) Forklar desse omgrepa for ein medelev:

b) Diskuter spørsmål om tausheitsspiral.

  1. Nokre stemmer og synspunkt er underrepresenterte i offentlegheita. Kva er grunnen til det, og kva konsekvensar kan det få?

  2. Har du unngått å ytre deg i offentlegheita av frykt for kva andre tenkjer om meiningane dine? Kvifor eller kvifor ikkje?

  3. Korleis kan vi leggje til rette for ei offentlegheit der også kontroversielle synspunkt og haldningar kan diskuterast ope og fritt?

c) Skriv ei problemstilling.

Skriv ei problemstilling som handlar om temaet tausheitsspiral. Problemstillinga skal danne utgangspunktet for ei skriftleg drøfting om temaet.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2021

Læringsressursar

Retorisk medborgarskap og debattkultur