Hopp til innhald

Fagstoff

Køyrereglar for formelle diskusjonar

Diskusjonar og debattar kan vere meir eller mindre formelle. Her skal vi sjå på køyrereglane for korleis vi diskuterer i meir formelle settingar.
Folkemøte på Holmlia etter ein skyteepisode. Politi og nasjonale og lokale politikarar på podiet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Køyrereglar for diskusjon

For at ein diskusjon med mange deltakarar skal gå føre seg i ordna former, trengst det ein ordstyrar som leier diskusjonen, og som sørgjer for at reglar og tidsrammer blir overhaldne.

Innlegg

Gongen i diskusjonen er vanlegvis slik: Ordstyraren ønskjer velkommen og presenterer saka som skal diskuterast. Etter denne innleiinga kan deltakarane be om ordet ved å rekkje opp handa.

Ordstyraren noterer namna på talarlista og gir ordet til deltakarane etter tur. Når ein deltakar er ferdig med innlegget sitt, stryk ordstyraren namnet frå lista og gir ordet til neste talar. Det er mogleg å teikne seg på lista fleire gonger.

Replikk

Men det finst òg ein annan måte å kome til orde på: Vi kan be om replikk. Ein replikk er ein kort kommentar til det siste innlegget. Vi kan altså ikkje ta opp eit nytt punkt i ein replikk. Då må vi teikne oss på talarlista i staden, slik at vi kan halde eit innlegg.

Vi ber om replikk ved å rekkje opp handa og seie "Replikk!", eller ved å rekkje to fingrar i vêret i V-teikn. Det er vanleg å tillate to replikkar per innlegg.

Pass på tidsramma

Ordstyraren må òg passe på at tidsramma for diskusjonen blir overhalden. Viss tida byrjar å bli knapp, kan hen avgrense taletida eller setje strek. Då gir hen beskjed til deltakarane om at dei som ønskjer å ha innlegg, må teikne seg på talarlista med ein gong. Når strek er sett, kan ingen teikne seg meir.

Ordstyraren avsluttar så diskusjonen med ei kort oppsummering av kva deltakarane har kome fram til. Dersom diskusjonen skal munne ut i eit vedtak, går saka no vidare til avstemming.

God tone og åtferd i ein diskusjon

Ordstyraren skal òg sørgje for at alle deltakarane "oppfører seg som folk". Tonen skal vere høfleg og sakleg. Fornærmingar og trakassering er uakseptabelt i ein diskusjon.

Møteplagarar er ein merkelapp som ofte blir sett på personar som diskuterer berre fordi dei liker å høyre si eiga stemme. Det er ikkje bra om ein person dominerer debatten, for det skal vere rom for mange synspunkt og stemmer i ein god diskusjon. Vi kan stoppe enkelte frå å ta opp for mykje av fellestida ved å avgrense taletida til kvar enkelt og ha ein eigen tidtakar som gir beskjed når tida er ute.

Vi kan òg foreslå å avgrense talet på innlegg kvar deltakar kan ha. Det er sjeldan at fleirtalet på møtet hindrar oss i å gjere dette. Elles gjeld det å klubbe ned alle forsøk på avbrot og innlegg utanfor talarlista.

I tillegg har ordstyrar lov til å avbryte innlegg som ikkje gjeld saka som blir diskutert. Dette kan òg løysast ved å ha ein eigen relevans-sjekkar, som kan gripe inn når nokon går for langt bort frå saka.

Rollespel med debatt i klassen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis lykkast som deltakar i diskusjonen?

Reglane over er viktige køyrereglar for både dei som leier og dei som deltek i diskusjonen. Men kva med sjølve innhaldet i diskusjonen? Her ser vi nærare på kva du må tenkje på for å lykkast som debattant.

Still førebudd

Dersom du vil oppnå noko i ein formell diskusjon, må du stille førebudd. Studer sakskartet nøye. Er det saker der som du synest er viktige?

Les gjennom sakspapira og kontakt møteleiinga dersom du synest informasjonen er mangelfull. Det er for seint å be om dette når du kjem på møtet.

Du stiller mykje sterkare i ein diskusjon dersom du på førehand har tenkt gjennom det du vil seie og kan dokumentere påstandane dine. Tenk òg over kva argument motstandarane dine mest sannsynleg vil kome med, og korleis du kan møte dei.

Tips til ein vellykka diskusjon

Under diskusjonen er det viktig at du følgjer med på det som skjer, slik at du ikkje heftar andre med utspel som byggjer på feiloppfatningar og misforståingar. I tillegg gjeld det å vere høfleg og roleg. Nokre diskusjonstips:

  • Ver kort! Dei fleste synest det er slitsamt med lange einetalar. Uttrykk deg presist og knapt, og på enklaste måte.
  • Snakk om éin ting om gongen! Har du mykje på hjartet, be heller om ordet ein gong til.
  • Bruk gjerne konkrete døme, det engasjerer og lettar forståinga.
  • Hald deg til saka! Då vinn du sympati, og alle sparer verdifull tid.
  • Ver positiv! Peik på fordelane ved forslaget ditt framfor å rakke ned på motstandaren. Understrek det de begge er samde om. Når du kritiserer, bør du kome med eit forslag som du meiner er betre.
  • Lytt! Høyr godt etter kva dei andre seier og noter det viktigaste. Ikkje avbryt, men vent til det er turen din før du kjem med motargument.


Lær meir:

Mange formelle diskusjonar startar med at ein innleiar held eit innlegg om saka som skal diskuterast. Her ser vi på kva du må tenkje på i ei slik rolle:

  • Når du skal innleie til debatt, kan du velje mellom fleire strategiar. Grunnregelen for innleiingane til alle slag er: Uttrykk deg så kort at det blir god tid til diskusjon etterpå. Ei innleiing skal ikkje vere noko foredrag.
  • Når du skal innleie til debatt, er det òg viktig at du samarbeider tett med dei som leiar diskusjonen, slik at dei veit kva du kjem til å gjere. Det kan òg hende at møteleiinga ønskjer seg ei bestemd type innleiing.
  • Du kan kort presentere dei ulike hovudsynspunkta i saka. Har du eigne synspunkt, må du passe på at dei ikkje fargar framstillinga di. Synest du det er vanskeleg å opptre nøytralt, bør du vurdere å gi oppgåva til ein annan.
  • Dersom du er glødande oppteken av ei sak, kan du vere rett person til å få fart på ein diskusjon. Engasjementet ditt kan aktivisere andre, sjølv om dei ikkje er einige i synspunkta dine. Ei lita åtvaring: Snakk ikkje for lenge! Då risikerer du at tilhøyrarane blir leie heile saka.
  • Skal du innleie i ei forsamling der du veit at det er problem med å folk til å snakke, kan det løne seg å gi dei eit lite spark bak! Set saka på spissen, overdriv konsekvensane eller gi ei humoristisk framstilling av ei elles alvorleg sak. Dette er ikkje noka innleiingsform for amatørar, men ho kan vere svært effektiv når ho lykkast.


Relatert innhald






CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2020

Læringsressursar

Retorisk medborgarskap og debattkultur