Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Retorisk medborgarskap i kommentarfeltet

Gjennom å sjå filmen og jobbe med oppgåvene til han vil du få meir kunnskap om kva retorisk medborgarskap er, og om korleis det kjem til uttrykk i kommentarfelta i aviser og sosiale medium.

1) Eigne erfaringar

Den første oppgåva tek utgangspunkt i dine eigne erfaringar med kommentarfelt, og målet med oppgåva er å få fram kunnskapen du allereie har om temaet. Denne oppgåva passar det å gjere før du ser filmen.

  • Har du nokon gong kommentert i eit offentleg kommentarfelt?
  • Dersom du aldri har kommentert i eit slikt kommentarfelt: Kvifor ikkje?
  • Kva for eit kommentarfelt var det?
  • Hugsar du kva for ei sak det gjaldt?
  • Var det noko du var kritisk til?
  • Eller var det noko eller nokon du ville støtte?

Fortel kvarandre om erfaringar.

2) Utforsk kommentarfelta

Dei neste oppgåvene handlar om å utforske kommentarfelta. Det betyr at du skal ta for deg eit ekte kommentarfelt og undersøkje ulike sider ved den retoriske språkbruken. Dette kan du gjere åleine eller saman med nokon andre:

  • Finn eit offentleg kommentarfelt (eit som er ope for alle). Finn ei sak med mange kommentarar (over 20 kommentarar), og les gjennom.
  • Er utgangspunktet for kommentarane eit debattinnlegg? Eller ein nyheitsartikkel? Ein leiar i ei avis? Noko anna? Kva dreier saka seg om?
  • Finn døme på argumentasjon i kommentarfeltet som nyttar seg av ei av appellformene logos, etos og patos. Samle døma i dine eigne notat. Er det ei av appellformene som dominerer meir enn dei andre i dette kommentarfeltet? Kva for ei? Kvifor trur du det er slik?
  • Leit etter innlegg i kommentarfeltet som inneheld ein karakteristikk av den/dei som har skrive den opphavlege saka, eller av den/dei som er omtalt i innlegget. Ein karakteristikk er ei skildring av ein person. Samle døma du finn. Er det mest positivt eller negativt ladde ord som er brukte?

Presenter resultatet av utforskinga di for medelevar, og samanlikn det de har funne.

3) Refleksjon

I desse oppgåvene skal du bruke det du har funne ut i utforskinga og det du lærte ved å sjå filmen, til å tenkje gjennom nokre problemstillingar. Her finst det ingen riktige eller galne svar. Skriv ned svara dine.

  • Vi utøver retorisk medborgarskap når vi deltek i kommentarfelta. Det er med på å styrkje demokratiet når flest mogleg deltek i debatten. Er du einig i desse påstandane etter å ha utforska eit kommentarfelt? Grunngi svaret ditt.
  • I filmen ser vi korleis NRK modererer kommentarfelta sine.
    Synest du dette er riktig å gjere? Kvifor / kvifor ikkje?
    Kva type kommentarar synest du bør fjernast av ein moderator?
  • Nokre gonger kjem det ytringar i kommentarfelta som kan definerast som hatytringer. Synest du at du som medborgar i Noreg har eit ansvar for å motseie slike ytringar? Kvifor / kvifor ikkje?
  • Trur du opne kommentarfelt kan vere med på å skremme folk vekk frå å delta i den offentlege debatten? Kvifor / kvifor ikkje?

4) Egenvurdering

No skal du skrive ein kort tekst der du bruker det du har lært gjennom filmen og arbeidet med oppgåvene, til å prøve å forklare kva du forstår med omgrepet «retorisk medborgarskap». Les gjerne opp det du har skrive, til ein i klassen, og diskuter om de har ei felles forståing.

CC BY-SASkrive av Margreta Tveisme.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2020

Læringsressursar

Retorisk medborgarskap og debattkultur