Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-SA

Formålet med denne læringsstien er å reflektere over kva medborgarskap inneber, og korleis retoriske ytringar både kan fremje og hemje demokratiet.

Når du har jobba med læringsstien, skal du

  • forstå forskjellen på statsborgarskap og medborgarskap
  • vite korleis du sjølv kan påverke samfunnet gjennom retorisk medborgarskap
  • kjenne til grensene for ytringsfridomen og ditt eige ytringsansvar og forstå korleis trakassering og hatefulle ytringar kan hemje andre si moglegheit til å delta i demokratiet