Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriftleg oppgåve: retorisk medborgarskap

I denne oppgåva skal du gjere greie for sentrale mediefaglege teoriar og drøfte mediefaglege problemstillingar innan emnet retorisk medborgarskap Du skal òg vise korleis du sjølv vil bidra til å fremje eit sunt debattklima i sosiale medium.
 Man sit ved eit bord og skriv på eit nettbrett. Bokstavar flyt rundt omkring i lufta. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med denne oppgåva er å vise at du

  • forstår omgrepet retorisk medborgarskap

  • kan utøve retorisk medborgarskap på ein reflektert måte i eigne kommentarar

  • kan gjere greie for sentrale mediefaglege problemstillingar om emnet retorisk medborgarskap

Oppgåve 1

  1. Forklar forskjellen på statsborgarskap og medborgarskap.

  2. Kva er retorikk? Forklar omgrepet, og gi døme på bruk av retorikk i reklame, journalistikk og i sosiale medium.

  3. Kva blir meint med retorisk medborgarskap?

Oppgåve 2

Fuckings neandertalar. Greitt for deg å vere for bompengar, du som har råd til å køyre Tesla i kollektivfeltet. Kva med oss vanlege arbeidsfolk som er avhengige av bil på jobben? Er så lei av at galne kvinnfolk blandar seg inn i styr og stell i denne byen. Veit kvar du bur.

Ein kjenning av deg postar dette innlegget i sosiale medium. Det er retta mot ein namngitt kvinneleg politikar. Du vel å kommentere innlegget ut frå det du veit om retorisk medborgarskap og god debattkultur.

Skriv kommentaren du vil poste. Han skal vere på maksimalt 100 ord.

Oppgåve 3

Skriv ein fagartikkel om korleis medieretorikk kan fremje og hemje reelt medborgarskap. Fagartikkelen skal vere på maksimalt 1 000 ord.

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.10.2021

Læringsressursar

Retorisk medborgarskap og debattkultur