Hopp til innhald

Fagstoff

Eg vil delta - kor er debatten?

Politiske debattar går føre seg overalt. Men mange ønskjer å ta det lenger enn til middagsbordet eller klasserommet. Viss du er ein av dei som vil bruke ytringsfridomen din til å diskutere med "alle der ute", har du mange kanalar å velje mellom.
paneldebatt under skolevalg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Politisk debatt handlar om å finne gode løysingar på store og små utfordringar i samfunnet. Har du idear og meiningar, så kom med dei. Kva for ein kanal som er den rette for deg, vil avhenge litt av kva du har på hjarta, og om du ønskjer selskap med likesinna eller vil opptre åleine.

Finne likesinna

Dersom du er oppteken av miljøsaker, kan det vere ein ide å melde seg inn i ein miljøvernorganisasjon – som Naturvernforbundet, Bellona, Green Peace eller Framtida i våre hender. Viss det er menneskerettar du tenkjer mest på, kan Amnesty International vere eit fint miljø for deg.

Det finst organisasjonar for svært mange viktige saker. I slike interessefellesskap er det naturleg nok mest semje. Her er folk opptekne av å drive opplysingsarbeid som er retta ut mot andre. Dei som har vore med på aksjonar – til dømes stått på stand – veit at det oppstår mange gode diskusjonar med folk som går forbi. Organisasjonane tar dessutan ofte del i vanleg samfunnsdebatt.


Du kan òg melde deg inn i eit politisk parti. Du treng ikkje vere samd i alt som står i partiprogrammet. Dette vil alltid vere i endring, og det er interessant å få vere med på dei debattane som legg grunnlaget for nye punkt i partiprogramma.
På nettstadene til dei politiske partia finn du linkar til diskusjonsfora som dei har. Du treng ikkje vere medlem for å delta der.

Nett eller papir

Før Internett var lesarinnlegg i papiraviser den beste kanalen for vanlege folk som ville vere med på å diskutere samfunnsspørsmål i media. Denne kanalen finst framleis, men det er mykje lettare å kome til orde på nettet. Her kan du nytte sosiale media, kommentere artiklar i nettaviser, drive din eigen blogg, kommentere på andre sine bloggar, for å nemne noko. Utfordringa på nettet vil alltid vere at sjølv om det er enkelt å kome til orde, er det vanskeleg å bli høyrt. Di stemme er berre ei av svært mange.

Di stemme viktig

Likevel er stemma di viktig. Og du gjer ein verdfull jobb dersom du til dømes vel å bruke tid på å kome med motførestillingar i meir eller mindre "einspora miljø". Då 22.juli-saka vart etterforska, kom det fram at det finst nettstader der ekstremisme får vekse seg stor og sterk fordi ingen orkar å gå inn med motargument. "Tankegangen til Anders Behring Breivik, Fjordman og meiningsfellane deira er så ekstrem at ein gidd ikkje ein gong motseie dei." Dette var svar som journalistane fekk då dei spurte kvifor ingen med "vit i skallen" hadde gått inn i meiningsutvekslingane deira og kasta lys over kor dei ekstreme ideane fører hen.

I tida etter terrorsaka kom fleire ekstreme nettsider i søkelyset til media. Fleire politikarar sto fram og bad folk med interesse for menneskerettar og menneskeverd om å gå inn i debattane der. Slik kan dei vere med på å vege opp og demme opp for framveksten av rasisme, nynazisme og fascisme.

Facebook og twitter

Sosiale media som Facebook og Twitter er gode kanalar for debatt. Går du lei av å snakke politikk med venene dine der, kan du oppsøkje diskusjonsgrupper. Her kan du òg kome tett på dei som har maka – politikarar, leiarar i næringsliv og organisasjonar – og gje desse tips og idear. Mange av "dei store" vel å bruke ein del av tida si på å snakke med vanlege folk i sosiale media.

Gjennom jungeltelegrafen i dei sosiale media kan du òg finne debattar som går føre seg utanom nettet, ansikt til ansikt. Det kan vere folkemøte om bestemte saker – som bygginga av kulturhus eller ny skule i bygda der du bur, eller planar for plassering av busshaldeplassar eller monstermaster.

Eigne innlegg

Mange vel å blogge om saker som opptek dei. Dette er òg innlegg i samfunnsdebatten. Videotenester som YouTube og Vimeo er òg moglege kanalar for politiske meiningar. Du kan snakke inn i eit webkamera, eller du kan lage ein liten dokumentarfilm som syner det du vil ha fram. Problemet med bloggar og videoar på nettet er at dei lett druknar i mengda. Ei nettside eller posting er som ein gul klistrelapp på ei oppslagstavle på storleik med den kinesiske muren. Ingen finn lappen din, med mindre dei får hjelp.
Du kan bruke sosiale media til å gjere nettstaden din kjent for folk i dine eigne venekrinsar, og det vil skaffe deg mange lesarar. Det er vanskelegare å nå ut til ein større krins. Men eit tips kan vere å jobbe for at lokalavisa skal linke opp til deg, og etter kvart andre større aktørar på nettet. Søkjemotorane prioriterer høgt dei nettsidene som "store og viktige" nettstader peikar til, det er desse som kjem opp først i lister med søkjeresultat.

Relatert innhald

Det finst menneske som ikkje kan ytre seg, eller sjeldan blir lytta til. Vi har alle eit moralsk ansvar for å vere stemma til dei stemmelause.

CC BY-SASkrive av Trude Løvskar. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018

Læringsressursar

Retorisk medborgarskap og debattkultur