Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

PlayDecide: vaksinar

Spel PlayDecide og diskuter temaet vaksinar. Kva synest du om vaksinasjonstilbodet som blir gitt i Noreg? Korleis påverkar det helsa til deg sjølv og andre? Finn ut kva du meiner, lytt til kvarandre, og forsøk å bli einige om eit standpunkt.
Ei jente som får plaster på armen etter å ha fått vaksine. Både jenta og den vaksne har munnbind. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spel PlayDecide!

Spelereglar til PlayDecide finn de i ressursen Spel PlayDecide!

Spelmateriell til temaet vaksinar

Før de kan spele, må de skrive ut spelmateriell og klippe opp spelkorta. Under finn de spelmateriell til utskrift for temaet vaksinar.

Spelemateriell
  • eitt spelebrett til kvar spelar som skal delta
    (A3-format)

  • eitt sett med introduksjon til tema, nokre grupperingsark og oversikt over ulike standpunkt rundt temaet. Blir fordelt til kvar gruppe.

  • eitt sett med spelkort til kvar gruppe:

    • infokort (grøn)

    • grublekort (blå)

    • utfordringskort (oransje)

    • spelkort (gul)

    • personkort (grå)

    • blanke kort (kvit)

Infokort, grublekort og personkort er temaspesifikke. Utfordringskort, spelkort og blanke kort er generelle og kan brukast i diskusjon av fleire tema.

Filer

Tips!

Spelkorta har titlar, ulike ikon og er fargekoda. Dei kan gjerne skrivast ut på papir med tilhøyrande farge. Det blir tilrådd at spelkorta blir skrivne ut på litt tjukkare papir eller papp.

Viss spelkort, brett og andre ark blir laminerte, held dei lenger, og dei kan brukast fleire gonger. Ved bruk av tavletusjar kan elevane notere på laminerte spelebrett, grupperingsark og standpunktark.

Start spelet ved å introdusere temaet felles i klassen

I forkant av spelet bør elevane ha jobba med temaet som skal diskuterast. Under finn de eit forslag til korleis temaet vaksinar kan bli introdusert. Avslutt introduksjonen med nokre opne spørsmål og fire ulike standpunkt som er aktuelle for temaet. Spørsmåla set startskotet for spelet og for diskusjonen vidare. Gjennom spelet skal elevane ta stilling til desse fire standpunkta og saman finne ut kva dei meiner om temaet.

Elevane blir oppmoda til å notere seg nokre tankar i høgre hjørne av spelebrettet undervegs i gjennomgangen.

Introduksjon til temaet vaksinar

Den første vaksinen vart oppdaga i 1796 gjennom eksperiment utførte av dr. Edward Jenner, der han oppdaga at å smitte menneske med kukoppar førebygde mot koppesjukdom. Sidan den gong har vaksinar vist at dei vernar helsa vår.

Oppdaginga av vaksinar blir rekna som eit av dei største av alle medisinske framsteg. Sjølv om vaksinar er trygge og effektive, er dei ikkje utan risiko, og i nokre sjeldne tilfelle har det oppstått uønskte biverknader. Fordelane ved vaksinar er likevel mykje større enn risikoen og farane vi står overfor viss vi får ein alvorleg sjukdom vi ikkje er vaksinerte mot.

I dag er vaksinasjon vanleg for å verne mot ulike infeksjonssjukdommar som kan vere svært alvorlege. I nokre land er eit utval av vaksinar obligatoriske. I Noreg har vi fridom til å velje, og det er opp til kvar enkelt om dei ønsker å vaksinere seg.

Spørsmål til diskusjonen

Kva synest du om vaksinasjonstilbodet som blir gitt i Noreg? Korleis påverkar det di og andre si helse?

Moglege standpunkt om vaksinar

  1. Styresmaktene fastset ein obligatorisk vaksinasjonsplan for alle. Vaksinane som er inkluderte, er gratis, og personar som ikkje følger planen, kan bli pålagt å dekke sine eigne utgifter ved behandling på sjukehus, eller dei kan få reiserestriksjonar.

  2. Styresmaktene bestemmer nokre få obligatoriske vaksinar der staten dekker kostnadene. Det blir òg lagt fram ei tilråding om andre vaksinar, men staten dekker ikkje kostnadene for desse.

  3. Styresmaktene tilrår nokre vaksinar, gir nødvendig informasjon og dekker kostnadene til vaksinane, men let det vere opp til kvar enkelt om dei ønsker å la seg vaksinere.

  4. Etter prinsippet om valfridom involverer ikkje staten seg i spørsmål om vaksine. Kvar enkelt må sjølv finne informasjon og avgjere om dei ønsker å vaksinere seg, og kva vaksinar dei ønsker å ta. Styresmaktene dekker ingen kostnader.

Klar – ferdig – diskuter!

Etter ein felles introduksjon av temaet fordeler spelarane seg i grupper. Alle spelarane skal ha eit spelebrett framfor seg. Spelkort og anna spelmateriell (grupperingsark, spelereglar og introduksjon av tema) blir plasserte midt på bordet. Dei ulike spelkorta skal gradvis fylle opp spelebrettet.

Saman skal de diskutere dykk fram til eit felles standpunkt om temaet vaksinar. Finn ut kva du sjølv meiner, lytt til dei andre, og forsøk å bli einige om eit standpunkt.

To teikningar, den eine av eit bord med fem tomme stolar rundt og eit oppsett for brettspel, og den andre med snakkande personar rundt spelet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde

Undervisningsopplegget er ein revidert versjon av PlayDecide henta frå https://playdecide.eu/. Her kan de finne fleire tema knytte til ulike fag som det kan vere interessant å diskutere.

Relatert innhald

Spel PlayDecide! Finn ut kva du meiner, diskuter med andre, og formuler eit felles standpunkt.

CC BY-SASkrive av PlayDecide.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2023

Læringsressursar

Vaksinar og antibiotika