Hopp til innhald

Fagstoff

Antibiotika

Antibiotika er ei samlenemning på giftstoff som hemmar vekst av prokaryote celler. Oppdaginga av antibiotika har redda millionar av liv og bidrege til at vi menneske lever omtrent 20 år lenger. Antibiotika blir brukte til å behandle og førebyggje mikrobielle sjukdommar.
Ei hand som held fram ei rund petriskål med dyrka bakteriar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er antibiotika?

Antibiotika er ei samlenemning på giftstoff som hemmar vekst av . Stoffa blir produserte av levande organismar for å halde andre organismar borte (frå gresk har vi anti, som betyr mot, og bios, som betyr liv).

Eit jordbær med muggsopp, og eit utsnitt som zoomar inn på den mikroskopiske soppen Penicillium. Illustrasjonsfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Antibiotika blir brukte til å førebyggje og behandle sjukdommar forårsaka av bakteriar, sopp og parasittar. Dei har ingen effekt på virus. Både menneske, dyr og plantar kan behandlast med antibiotika.

Korleis verkar antibiotika?

Nokre antibiotika drep prokaryote celler. Andre stoppar celledelinga. Det gjer at dei prokaryote cellene ikkje kan formeire og spreie seg, noko som igjen fører til at infeksjonen blir stoppa.

Ein bakterie som har ei oval form med fleire mindre utløparar langs kanten. Mikroskopfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordelen ved bruk av antibiotika på fleircella organismar er at giftstoffa skader eller drep prokaryote celler, men ikkje har særleg effekt på dei eukaryote cellene. Dette er mogleg fordi giftstoffa angrip strukturar eller mekanismar i dei prokaryote cellene som ikkje finst i eukaryote celler – eller er svært ulike frå strukturane som finst der.

Enkelte antibiotika hindrar proteinsyntesen og påverkar dermed danninga av protein. Dette hemmar vekst hos prokaryote organismar. Andre typar antibiotika svekkjer eller forstyrrar celleveggdanninga i organismane. Når celleveggen går i oppløysing, vil dei prokaryote cellene døy.

Ulike typar antibiotika

Eit pillebrett med ei innpakka pille. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst mange patogene mikroorganismar med ulike eigenskapar. Det er derfor utvikla ulike antibiotika med ulik verknad.

Dei fleste typane kan berre svekkje eller drepe nokre få artar. Desse blir kalla smalspektra antibiotika. Det er gunstig å bruke smalspektra antibiotika. Dei drep nemleg berre dei mikroorganismane som gir sjukdom, og påverkar i lita grad den normale bakteriefloraen i kroppen til organismen som blir behandla.

Breispektra antibiotika svekkjer eller drep mange ulike artar av mikroorganismar samtidig. Denne typen antibiotika vil drepe både nyttige og skadelege mikroorganismar, og dermed gjere kroppen meir sårbar for andre infeksjonar.

Visste du at …?

Det viktigaste og mest brukte antibiotikumet er penicillin. Dette var det første antibiotikumet som blei oppdaga. Antibiotika blir derfor ofte kalla penicillin i daglegtalen.

Bruk av antibiotika

Oppdaginga og utviklinga av antibiotika blir rekna som eit mirakel i medisinsk historie. Då antibiotika blei tilgjengelege for behandling av mikrobielle sjukdommar på 1900-talet, gjekk dødelegheita blant folk dramatisk ned. Antibiotika har derfor hatt, og har framleis, stor betydning for menneske si overleving og livskvalitet. I tillegg bidreg dei til at vi lever lenger enn forfedrane våre.

Antibiotika blir brukte til å behandle infeksjonssjukdommar hos menneske, dyr og plantar. Dei blir òg brukte som førebyggjande behandling i samband med operasjonar, og for å hindre oppblomstring av patogene mikroorganismar i landbruket og i oppdrettsnæringa. Antibiotika har mange bruksområde i dagens samfunn og er vårt viktigaste våpen i kampen mot patogene mikroorganismar.

Mann som held i ein stor laks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Antibiotika (eintal: eit antibiotikum) – samlenemning på giftstoff som hemmar vekst hos prokaryote celler.

Breispektra antibiotika – antibiotika som svekkjer eller drep mange ulike artar av mikroorganismar samtidig.

Smalspektra antibiotika – antibiotika som kan svekkje eller drepe berre nokre få artar av mikroorganismar.

Mikrobielle sjukdommar – infeksjonssjukdommar forårsaka av bakteriar eller andre mikrobar (prokaryote organismar).

Kjelder

UiO. (2021, 16. mars). Antibiotika. I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 28. mars 2022 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/a/antibiot.html

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2022

Læringsressursar

Vaksinar og antibiotika