Hopp til innhald

Fagstoff

Kamp mot smittsame sjukdommar

Alle organismar har utvikla forsvar for å kjempe mot patogene mikroorganismar. I tilfelle der dette forsvaret ikkje klarer å angripe raskt nok, kan det vere behov for medisinar som kan bidra i kampen mot virale og mikrobielle sjukdommar.
Slim og flimmerhår i luftrøyret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk gjennom!

Dei fleste og vanlegaste infeksjonssjukdommane hos menneske er forårsaka av virus og går som regel over av seg sjølv. Kan du forklare kva som skjer?

Kroppen sitt forsvar mot sjukdom

Bakteriar i armhola. Mikroskopfoto.

Å kunne forsvare seg mot sjukdom og skadar er viktig for overleving, evolusjon og reproduksjon hos alle organismar. Alle organismar har derfor utvikla ulike forsvar som gjer det vanskeleg for framande mikroorganismar å sleppe inn i kroppen. Slepper nokon likevel gjennom, vil forsvaret kjenne dei att og gå til motangrep på dei skadelege inntrengjarane. Dette forsvaret blir gjerne kalla immunforsvaret.

Når framande mikroorganismar kjem inn i kroppen til ein organisme, overtek dei kroppen sine eigne celler ved å øydeleggje cellemembranen eller skilje ut giftstoff. Spesielle celletypar, immunceller, går til motangrep på mikroorganismane og prøver så godt dei kan å hindre at desse spreier seg rundt i kroppen.

Fagocytose. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kamp mot sjukdom med medisinar

Immunforsvaret kjempar mot dei fleste inntrengjarane på eiga hand, men nokre gonger klarer det ikkje å angripe raskt nok. Viss immunforsvaret mister kontrollen, vil vertsorganismen bli sjuk – og i verste fall døy.

For å lækje sjuke og døyande har menneske til alle tider brukt ritual og kurar for å kjempe mot sjukdom. Då den vitskaplege tenkjemåten utvikla seg på 1700-talet, begynte brikkene for den moderne medisinen å falle på plass, og vi fekk medisinar som kunne behandle og førebyggje smittsame sjukdommar.

Det er spesielt to gjennombrot i medisinsk historie det er verd å merke seg:

  1. oppdaginga av antibiotika

  2. utviklinga av vaksinar

Antibiotika mot mikrobielle sjukdommar

Antibiotika er ei samlenemning på giftstoff som hemmar vekst av . Antibiotika blir brukte til førebygging og behandling av sjukdommar forårsaka av bakteriar, sopp og parasittar. Dei har ingen effekt på virus. Behandling med antibiotika blir brukt på menneske, dyr og plantar.

Betydninga av antibiotika

Piller ligg strødde under ein pyramide med omgrep knytte til behandlingar der antibiotika står sentralt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før antibiotika blei oppdaga, fanst det inga behandling mot infeksjonssjukdommar. Eit lite skrubbsår eller kutt i fingeren kunne derfor føre til alvorleg sjukdom. Med antibiotika fekk vi eit verktøy for å kjempe mot sjukdommar som og lungebetennelse.

Grunnmuren i det moderne helsevesenet

Antibiotika er ein viktig del av grunnlaget for det helsevesenet vi har i dag. I tillegg til å avgrense og utrydde mange alvorlege sjukdommar har antibiotika mogleggjort trygge fødslar, keisarsnitt, organtransplantasjon, behandling av kreft med cellegift og gjennomføring av operasjonar.

Vaksinar mot virale og mikrobielle sjukdommar

Ein vaksine inneheld ei svekt utgåve av eller delar av ein mikroorganisme. Når vaksinen blir sprøytt inn i kroppen til eit friskt individ, fører det til eit smitteangrep på kroppen. Dette trener opp immunforsvaret til å kjenne att og angripe spesifikke mikroorganismar. Vaksinar kan brukast mot både virale og mikrobielle sjukdommar hos .

Utvikling av vaksinar

Vaksinar blei utvikla for å førebyggje alvorlege infeksjonssjukdommar med høg døyelegheit. Med auka fokus på folkehelse og rutinemessig bruk av vaksinar i helsevesenet har det blitt utvikla internasjonale vaksinasjonsprogram for å beskytte barn spesielt. I 2017 fekk 85 % av alle barn i verda mellom 12 og 23 månader vaksine mot difteri, kikhoste, stivkrampe og meslingar. Desse sjukdommane førte tidlegare til alvorleg sjukdom og død.

Teknologisk utvikling og auka forståing av har gjort det mogleg å ta i bruk meir avanserte metodar for å utvikle vaksinar. I dag finst det vaksinar mot meir enn 25 sjukdommar forårsaka av virus eller bakteriar.

Vaksinar beskyttar på både individ- og populasjonsnivå

I tillegg til å beskytte enkeltindivid mot sjukdom er vaksinar ein effektiv måte å hindre spreiing av smittsame sjukdommar på. I område der store delar av ein populasjon er vaksinerte, vil det ikkje finnast individ som er mottakelege for smittestoffet. Dermed vil ikkje mikroorganismen kunne spreie seg vidare.

Antiviralia mot virale sjukdommar

Antiviralia er stoff som hindrar virus i å kome inn i eller formeire seg i ein vertsorganisme. I motsetnad til andre mikroorganismar er ikkje virus levande celler, men partiklar som består av arvestoff pakka inn i ei proteinkappe. Virus er derfor avhengige av andre celler for å kunne formeire seg. Antiviralia angrip ikkje sjølve viruset, men påverkar strukturar eller mekanismar på ein måte som gjer at viruset ikkje kan formeire seg i vertsorganismen. Antiviralia blir brukte for å behandle virale sjukdommar.

Morgondagens utfordring?

Virale sjukdommar er eit aukande problem i dagens samfunn, og det blir derfor forska mykje på antiviralia. Utfordringa er å finne giftstoff som verkar mot virus, men som ikkje påverkar vertsorganismen sine eigne celler.

Ei stor, rund celle blir angripen av hundrevis av små virus som sit på celleoverflata. Mikroskopfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Bøvre, K. et al. (2018, 28. juni). Vaksine. I Store norske leksikon. Henta 7. april 2022 frå https://sml.snl.no/vaksine

Lönn-Stensrud, J. (2016). Bakterienes forunderlige verden. Universitetsforlaget.

Rodrigues, C. M. og Plotkin, S. A. (2020, 14. juli). Impact of Vaccines; Health, Economic and Social Perspectives. Frontiers in Microbiology. Henta 21. mars 2022 frå https://www.frontiersin.org/articles/10.3389/fmicb.2020.01526/full

Sirevåg, R. (2020, 13. november) Antiviralia. I Store norske leksikon. Henta 19. april 2020 frå https://sml.snl.no/antiviralia

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Vaksinar og antibiotika