Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsoppgåver – vaksinar og antibiotika

Her finn du varierte oppgåver om kamp mot virale og mikrobielle sjukdommar. Oppgåvene gir deg god trening i nye omgrep og ei fin oversikt over emnet om vaksinar og antibiotika.

Oppgåve 1. Memory

Lag par ved å finne bilete og ord som høyrer saman. Kor mange kort må du snu før du har funne alle para?

Oppgåve 2. Ulike typar infeksjonssjukdommar

  1. Kva meiner vi med virale og mikrobielle sjukdommar?

  2. Forklar korleis bakteriar og virus kan gi sjukdom.

Oppgåve 3. Kamp mot smittsame sjukdommar

Korleis kjempar vi mot virale og mikrobielle sjukdommar? Dra alternativa til rett kategori.

  1. Dei fleste og vanlegaste infeksjonssjukdommane går som regel over av deg sjølv. Kan du forklare kva som skjer?

  2. Kvifor treng vi medisinar for å få bukt med patogene mikroorganismar viss alle organismar har eit eige forsvar?

  3. Lag eit tankekart som gir ei oversikt over forsvar hos ulike organismar.

Oppgåve 4. Har du kontroll på omgrepa?

Lag din eigen definisjon av omgrepa nedanfor. Ein god definisjon skal forklare kort kva omgrepet betyr, bruke vanlege ord og ikkje vere for vid eller for snever.

antibiotika – vaksine – immunitet – antibiotikaresistens – flokkimmunitet – vaksinasjon – immunforsvar

Samanlikn definisjonane dine med definisjonane til ein medelev. Kor godt fungerer dei ulike definisjonane?

Oppgåve 5. Gjer deg kjend med antibiotika

  1. Teikn og forklar oppbygginga og strukturen til prokaryote og eukaryote celler.

  2. Forklar likskapar og forskjellar mellom dei to celletypane.

  3. Kva betydning har antibiotika for dei to celletypane?

  4. Forklar korleis antibiotika verkar på virus.

  5. Finn fordelar og ulemper ved bruk av antibiotika.

Oppgåve 6. Vaksinar og vaksineutvikling

  1. Kva er ein vaksine?

  2. Kan alle organismar vaksinerast? Grunngi svaret ditt.

  3. Korleis blir ein vaksine laga?

  4. Det finst ulike typar vaksinar. Dra dei ulike alternativa til rett stad, og forklar korleis vaksinane fungerer. Kva er fordelen og ulempa med dei ulike typane?

Oppgåve 7. Medisinens historie

  1. Kven var Edward Jenner? Kva var bidraget hans til medisinen?

  2. Kva betydning har Alexander Fleming hatt for utviklinga av dagens helsevesen?

  3. Teikn og forklar kva vi meiner med antibiotikapyramiden.

  4. Kvifor har utbreidd bruk av antibiotika blitt eit globalt problem?

Oppgåve 8. Vaksinasjonsprogram i Noreg

  1. Finn ut kva for nokre vaksinar som inngår i barnevaksinasjonsprogrammet, og kva sjukdommar dei beskyttar mot.

  2. Kva andre vaksinar har du høyrt om, og kvifor inngår ikkje desse i eit vaksinasjonsprogram?

Oppgåve 9. Immunitet – når immunforsvaret hugsar eit smittestoff

Oppgåve 10. Vaksinasjon og flokkimmunitet

  1. Forklar korleis vaksinar kan gi beskyttelse for

    • enkeltindivid

    • heile populasjonar

  2. Ta utgangspunkt i eit flokkdyr du kjenner til, og forklar korleis det å leve i flokk kan vere ein overlevingsstrategi.

  3. Lag ein illustrasjon av flokkimmunitet, og forklar han til ein medelev.

  4. Kva er formålet med flokkimmunitet i ei befolkning?

Oppgåve 11. Korleis kjempar vi mot desse sjukdommane?

Oppgåve 12. Kva feilar det pasienten?

Ein pasient med symptom på forkjøling kjem til legekontoret der du jobbar. Før du stiller ein diagnose, bestemmer du deg for å ta ein spyttprøve som du sender til dyrking på laboratoriet.

  1. Kva er symptoma på forkjøling?

  2. Spyttprøven blei først analysert under mikroskopet. Der blei bakteriane Pseudomonas aeruginosa og Staphylococcus aureus identifiserte. Finn ut meir om dei to bakterietypane. Kva sjukdommar kan bakteriane forårsake, og korleis kan desse sjukdommane behandlast?

  3. På laboratoriet blei det gjennomført ein følsamheitstest for antibiotika. Kva informasjon kan ein slik test gi? Forklar korleis ein slik test blir gjennomført, og tolk resultatet i figuren nedanfor.

  4. Kva er antibiotikaresistens?

  5. Basert på resultata frå spyttprøven og den informasjonen du no har om dei to bakteriane, kva diagnose vil du stille til pasienten? Korleis kan denne sjukdommen behandlast?

Diagram som viser prosessen ved diagnostisering av ein person med ein infeksjonssjukdom i lungene. 1. Person der lungene er utheva. 2. Spyttprøve. 3. To ulike typar mikroorganismar. 4. Dyrking av mikroorganismar i petriskål saman med antibiotika. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 13. Kva for ein patogen mikroorganisme er dette?

Ein person kjem inn på legekontoret ditt. Personen har nettopp komme tilbake frå ei reise til New Mexico i USA og kjenner seg ikkje heilt i form. Ved nærare undersøking finn du ut at pasienten har feber og hovne lymfekjertlar.

Kva for ein av mikroorganismane under kan vere årsaka til slike symptom? Passar dette med sjukehistoria til pasienten?
Grunngi svaret ditt.

  1. Salmonella enterica

  2. Borrelia burgdorferi

  3. Clostridium botulinum

  4. Yersinia pestis

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2022

Læringsressursar

Vaksinar og antibiotika