Hopp til innhald

Fagstoff

Samandrag – vaksinar og antibiotika

Dette samandraget gir deg oversikt over det viktigaste fagstoffet i emnet om vaksinar og antibiotika.

Kroppen sitt forsvar mot smitte

Alle organismar blir til kvar tid utsette for ulike . Derfor har dei utvikla eit forsvar for å få bukt med patogene mikroorganismar:

  • Alle organismar har ulike barrierar som hindrar smittestoff i å komme inn i kroppen. Dette kallar vi eit uspesifikt forsvar.

  • har også eit spesifikt forsvar som blir aktivert viss eit smittestoff trenger gjennom barrierane i det uspesifikke forsvaret. Det spesifikke forsvaret bygger opp ein hær av celler som kjenner igjen og angrip spesifikke mikroorganismar. Kvar gong organismen går gjennom ein infeksjonssjukdom, blir det spesifikke forsvaret forsterka. Det gjer at det er rusta mot framtidige angrep. Når forsvaret "hugsar" eit smittestoff, blir det kalla immunitet.

Medisinar mot smittsame sjukdommar

I tilfelle der kroppen sitt eige forsvar ikkje klarer å angripe raskt nok, kan det vere behov for medisinar. Desse medisinane kan brukast til å førebygge og behandle virale og mikrobielle sjukdommar:

  • antibiotika

  • vaksinar

  • antiviralia

Antibiotika mot mikrobielle sjukdommar

Eit jordbær med muggsopp og eit utsnitt som zoomar inn på den mikroskopiske soppen Penicillium. Illustrasjonsfoto.

Antibiotika er ei samlenemning på giftstoff som hemmar vekst av . Antibiotika blir brukte til førebygging og behandling av sjukdommar forårsaka av bakteriar, sopp og parasittar. Dei har ingen effekt på virus.

Verkemåte

Giftstoffa angrip strukturar eller mekanismar i prokaryote celler som ikkje finst i dei eukaryote cellene. På den måten kan antibiotika skade eller drepe prokaryote organismar utan å påverke vertsorganismen.

Ulike typar antibiotika

Smalspektra antibiotika
er antibiotika som kan svekke eller drepe berre nokre få artar av mikroorganismar.
Breispektra antibiotika
er antibiotika som svekker eller drep mange ulike artar av mikroorganismar samtidig.

Antibiotika dannar grunnlaget for det moderne helsevesenet, men er også viktig for næringslivet og oppdrettsnæringa.

Antibiotikaresistens

Når populasjonar som er følsame for antibiotika, blir utsette for giftstoffet, vil dei fleste døy, men ikkje alle. Dei som overlever, vil ha ulike eigenskapar som gjer at dei ikkje blir påverka av antibiotika. Dei har utvikla motstandsdyktigheit, såkalla antibiotikaresistens.

Illustrasjon som viser utviklinga av resistente bakteriar ved bruk av antibiotika. Antibiotika drep nokre av bakteriane. Dei som ikkje blir drepne, er resistente og formeirar seg vidare, og det oppstår ein antibiotikaresistent populasjon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konsekvensar av antibiotikaresistens

Sidan prokaryote organismar deler seg svært raskt, kan nye generasjonar med antibiotikaresistens oppstå så raskt at andre organismar ikkje rekk å utvikle forsvar mot dei. Då verkar ikkje lenger antibiotika, som i dag er vårt viktigaste våpen mot patogene mikroorganismar.

Vaksinar mot virale og mikrobielle sjukdommar

Ein vaksine er eit medikament som inneheld ei svekt utgåve av eller delar av ein mikroorganisme, og som blir brukt til å trene opp det spesifikke forsvaret.

Verkemåte

Det spesifikke forsvaret reagerer på ein vaksine på same måte som om organismen hadde blitt smitta av ein framand mikroorganisme. Men angrepet på kroppen er svakare enn ved naturleg sjukdom. Vaksinasjon gir immunitet utan at organismen først må bli sjuk.

Tre kroppar med steg mot immunitet. 1. Vaksinering: Antigen/fragment av ein type mikroorganisme blir injisert. 2. B-lymfocyttar bind seg til antigenet. 3. B- og T-minneceller blir danna, og kroppen blir immun mot dette antigenet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vaksinar kan brukast for å førebygge og hindre spreiing av både virale og mikrobielle sjukdommar hos virveldyr.

Vaksinar beskyttar på både individ- og populasjonsnivå

Vaksinar gir direkte beskyttelse mot ein spesifikk sjukdom, men kan også førebygge spreiing av smittsame sjukdommar i ein populasjon – sjølv om ikkje alle individa er vaksinerte. Flokkimmunitet er viktig for å beskytte sårbare individ i ein populasjon mot å bli sjuke.

Plansje som illustrerer smitte og flokkimmunitet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reproduksjonstalet (R-talet)

Reproduksjonstalet (R-talet) er eit mål på kor raskt ein sjukdom spreier seg i ein populasjon. R-talet beskriv kor mange andre individ eitt individ i ein populasjon i gjennomsnitt klarer å smitte.

Plansje som viser kor mange personar ein smitta person smittar når reproduksjonstalet er 2 (to personar som kvar smittar to nye personar), og når det er 3 (tre personar som kvar smittar tre nye personar). Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samanlikning av medisinar mot smittsamme sjukdommar

Samanlikning av antibiotika, vaksiner og antiviralia

Antibiotika

Vaksine

Antiviralia

Nivå

IndividIndivid og populasjonIndivid

Bruksområde

BehandlingFørebygging Behandling

Sjukdomstype

Mikrobielle sjukdommarVirale og mikrobielle sjukdommarVirale sjukdommar

Smittestoff

Bakteriar, sopp og parasittar (prokaryote celler)Virus, bakteriar, sopp og parasittarVirus

Verkemåte

Skader eller drep prokaryote celler utan å påverke eukaryote celler Forsterkar kroppen sitt eige immunforsvar
(det spesifikke immunforsvaret)
Hindrar virus i å komme inn i eller formeire seg i ein vertsorganisme

Vertsorganismar

Eukaryote organismar Virveldyr I utgangspunktet alle levande organismar

Utbreiing

Svært mykje brukt, fleire stader overforbruk Spesielt mykje brukt i land med høg levestandard og god økonomiMindre utbreidd enn vaksinar og antibiotika

Utfordringar

ResistensutviklingDyrt og tidkrevjande å utvikle, vaksinemotstand i befolkningaFinne giftstoff som verkar mot virus og ikkje påverkar vertsorganismen
CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Vaksinar og antibiotika