Hopp til innhald

Fagstoff

Antibiotikaresistens

Mikroorganismar utviklar seg stadig for å kunne tilpasse seg til endringar i omgivnadene. Denne tilpassingsevna truar vårt viktigaste våpen i kampen mot mikrobielle sjukdommar: antibiotika. Kva er antibiotikaresistens, og kva utfordringar gir det i dag og i framtida?
Eit reagensglas halvfullt med væske og dyrka bakteriar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er resistens?

Resistens betyr motstand eller motstandsdyktigheit mot noko (frå latin "å stå imot"). Antibiotika er ei samlenemning på giftstoff som drep eller hemmar vekst av prokaryote celler. Mikroorganismar kan utvikle motstand mot antibiotika, slik at dei ikkje lenger blir påverka av giftstoffa. Vi seier då at dei har blitt antibiotikaresistente.

Antibiotikaresistens – evolusjon i praksis

Plansje som viser utviklinga av resistente bakteriar ved bruk av antibiotika. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei av drivkreftene bak evolusjon er naturleg seleksjon. Antibiotika bidreg til seleksjonspress på prokaryote organismar.

Når populasjonar som er følsame for antibiotika, til dømes bakteriar, blir utsette for giftstoffet, vil dei fleste døy, men ikkje alle. Dei som overlever, har ulike eigenskapar som gjer at dei ikkje blir påverka av antibiotika. Desse bakteriane vil formeire seg kraftig, sidan alle konkurrentane deira er døde. Dessutan vil dei eigenskapane som gjer dei antibiotikaresistente, bli meir og meir dominerande i populasjonen. Når heile populasjonen har utvikla resistens, har det skjedd evolusjon.

Sidan prokaryote organismar deler seg svært raskt, kan nye generasjonar med antibiotikaresistens oppstå så raskt at andre organismar ikkje rekk å utvikle forsvar mot dei. Då verkar ikkje lenger antibiotika.

Plasmid gir prokaryote organismar spesielle eigenskapar

Bakteriar og andre prokaryote organismar har ei heilt anna evne til å tilpasse seg til nye miljøvilkår enn det fleircella organismar har. I tillegg til eit kromosom har mange prokaryote organismar små, ringforma DNA-molekyl som vi kallar plasmid. Eit plasmid inneheld få gen og er ikkje livsnaudsynt for organismen, men kan gi organismen eigenskapar som kan vere nyttige under ulike miljøforhold.

Ei oval celle som inneheld eit sirkulært kromosom og tre små, ringforma plasmid. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Overføring av resistensgen

Ved hjelp av plasmid og kan prokaryote organismar overføre genetisk materiale til kvarandre. Gena som gir antibiotikaresistens, sit ofte på plasmida. På denne måten kan òg resistens mot antibiotika raskt flytte seg mellom ulike grupper av prokaryote organismar. Eit plasmid kan vere berar av resistens mot fleire typar antibiotika, slik at organismen blir multiresistent.

MRSA: resistente bakteriar

MRSA (meticillinresistente Staphylococcus aureus) er gule stafylokokkar som har blitt resistente mot fleire typar antibiotika. Gule stafylokokkar er bakteriar som mange menneske har i bakteriefloraen sin, anten på huda eller i nasen. Vanlegvis er desse bakteriane harmlause, men dei kan forårsake alvorlege infeksjonar i mellom anna sår.

Førebels er ikkje MRSA eit stort problem i Noreg, men dei er eit aukande problem på verdsbasis. Spreiing av antibiotikaresistente mikroorganismar er ein alvorleg trussel for helsevesenet, fordi det kan føre til at vi mister vårt viktigaste våpen i kampen mot mikrobielle sjukdommar.

Oransje bakteriekoloniar. Mikroskopfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konsekvensar når prokaryote organismar blir resistente

Antibiotika har endra verda, men på grunn av ukritisk bruk har mikroorganismar begynt å bli resistente. At bakteriar utviklar resistens mot antibiotika, kan gi alvorlege problem i framtida. Ifølge Verdshelseorganisasjonen (WHO) er dette ein av dei største helsetruslane i vår tid.

Faren ved antibiotikaresistens

I denne filmen får du eit kort innblikk i kva utfordringar antibiotikaresistens kan gi i framtida.

Korleis kan vi hindre utvikling av antibiotikaresistens?

Det mest effektive tiltaket for å førebygge antibiotikaresistens er å redusere bruken av antibiotika. Kvar gong vi utset prokaryote organismar for antibiotika, kan nokre individ ta opp gen som gir dei eigenskapar som gjer dei resistente.

Visste du at …

Ei av dei vanlegaste årsakene til at folk ønsker antibiotika, er forkjøling som kjem av virus? Sidan virus ikkje er levande celler, vil ikkje behandling med antibiotika ha nokon effekt.

Forskarar jobbar stadig med å identifisere og utnytte ulike cellestrukturar og mekanismar hos prokaryote organismar som kan bidra i utviklinga av nye typar antibiotika. Utfordringa er at legemiddelindustrien ikkje klarer å utvikle nye legemiddel like raskt som mikroorganismane utviklar resistens.

Ei hand med hanske viser fram ei petriskål med bakteriar dyrka saman med antibiotikatablettar. Det er ein tydeleg ring utan bakterievekst rundt kvar antibiotikatablett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentrale omgrep

Resistens
er motstand eller motstandsdyktigheit mot noko (frå latin "å stå imot").
Antibiotikaresistens
er motstandsdyktigheit mot antibiotika. Prokaryote celler som har blitt resistente, vil ikkje lenger bli påverka av giftstoffet i antibiotikumet.
Multiresistent organisme
er ein organisme som er motstandsdyktig mot meir enn éin type antibiotika.
Plasmid
er eit lite, ringforma DNA-molekyl. Eit plasmid inneheld få gen og er ikkje livsnaudsynt for organismen, men kan gi organismen eigenskapar som kan vere nyttige under ulike miljøforhold.
Horisontal genoverføring
er overføring av genetisk materiale mellom prokaryote organismar.

Kjelder

UiO. (2021, 16. mars). Antibiotika. I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 31. mars 2022 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/a/antibiot.html

Sirevåg, R. (2020, 9. oktober). MRSA. I Store medisinske leksikon. Henta 3. april 2022 frå https://sml.snl.no/MRSA

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022

Læringsressursar

Vaksinar og antibiotika