Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis verkar vaksinar?

Alle organismar blir til kvar tid utsette for ulike smittestoff. Dei fleste smittestoffa blir stoppa av kroppen sitt eige forsvarssystem, immunforsvaret, men i nokre tilfelle kan det vere lurt å styrkje dette forsvaret ved å bruke vaksinar.

Kva er ein vaksine?

Ein vaksine inneheld ei svekt utgåve av eller delar av ein mikroorganisme. Når vaksinen blir sprøytt inn i kroppen til eit friskt individ, fører det til eit smitteangrep på kroppen. Dette trener opp immunforsvaret til å kjenne att og angripe spesifikke .

Immunforsvaret – kroppen sitt eige forsvar

Organismar blir til kvar tid utsette for ulike smittestoff. Dei fleste smittestoffa blir stoppa av ytre barrierar: ein ytre cellevegg hos mange eincella organismar, hud og slimhinner hos dyr eller hos plantar. Slike ytre barrierar hindrar smittestoff i å trengje inn i kroppen og er ein del av det vi kallar det uspesifikke immunforsvaret.

Det spesifikke immunforsvaret

har også eit spesifikt forsvar som blir aktivert når eit smittestoff har trengt gjennom barrierane i det uspesifikke forsvaret. Nemninga "spesifikk" viser til at responsen blir tilpassa det spesifikke smittestoffet. Det er det spesifikke immunforsvaret som blir utnytta ved bruk av vaksinar.

Immunitet – når immunforsvaret hugsar eit smittestoff

Mikroorganismar har karakteristiske strukturar, antigen, som gjer at dei ulike cellene i immunforsvaret kan kjenne dei att. Cellene i det spesifikke forsvaret, lymfocyttane (kvite blodceller), har reseptorar på overflata som kjenner att antigen.

Antigen og antigenreseptorar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I utgangspunktet finst det berre nokre få lymfocyttar som kan kjenne att eit gitt smittestoff. Dette gjer at immunforsvaret bruker lang tid på å kjenne att og kjempe mot eit smittestoff første gong det dukkar opp. Når smittestoffet har blitt kjent att av ein lymfocytt, blir det spesifikke immunforsvaret aktivert. Det skjer ved at lymfocytten deler seg, slik at det blir danna mange lymfocyttar (B- og T-celler) som kan kjenne att og kjempe mot smittestoffet.

Nokre lymfocyttar (B-celler) produserer antistoff mot smittestoffet. Antistoff er protein som sirkulerer med blodet og nøytraliserer smittestoff som dei møter på. Nokre av dei nye lymfocyttane blir såkalla minneceller. Dette er celler med lang levetid som kan stå i beredskap og kjenne att smittestoffet dersom det dukkar opp på nytt.

Neste gong immunforsvaret møter det same smittestoffet, vil det ha fleire lymfocyttar som kan kjenne det att, og som kan gå til angrep. Forsvaret blir derfor raskare og meir effektivt denne gongen. I tillegg kan immunforsvaret ha igjen antistoff mot smittestoffet frå den første infeksjonen. Då har immunforsvaret oppnådd immunitet. Den inntrengjande mikroorganismen får no gjort mindre skade på cellene før han blir nedkjempa. Og organismen unngår å bli sjuk.

Vaksinasjon gir immunitet og styrkjer immunforsvaret

Immunforsvaret reagerer på ein vaksine på same måte som om organismen hadde blitt smitta av ein framand mikroorganisme, men angrepet på kroppen er svakare enn ved naturleg sjukdom.

 Graf som viser primær og sekundær immunrespons. X-aksen viser tid i dagar, og y-aksen viser styrken på immunresponsen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den varianten av smittestoffet som inngår i ein vaksine, er så svekt at immunforsvaret klarer å kjempe mot smittestoffet utan at organismen blir sjuk. Det spesifikke forsvaret blir aktivert og etablerer eit førehandsinnstilt forsvar. Vaksinar skaper med andre ord immunitet utan at organismen først må bli sjuk.

Tre kroppar med trinn mot immunitet. 1. Vaksinering: Antigen/fragment av ein type mikroorganisme blir injisert. 2. B-lymfocyttar bind seg til antigenet. 3. B- og T-minneceller blir danna, og kroppen blir immun mot dette antigenet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I kva tilfelle er det lurt å vaksinere seg?

Viss ein organisme blir angripen av fleire smittestoff samtidig, vil vaksinar gjere det lettare for kroppen å handtere situasjonen og unngå at immunforsvaret blir overvelda. Ein vaksine gir kroppen eit forsprang når det gjeld å beskytte seg sjølv.

Vaksinar blir utvikla mot mikroorganismar som kan gi alvorleg sjukdom, eller som spreier seg raskt i ei befolkning. Det kan vere både virale og mikrobielle sjukdommar.

Tenk gjennom!

Kvifor blir ein nokre gonger sjuk etter å ha teke ein vaksine?

Vaksinar reddar liv

Vaksinar har redda mange liv, og dei har ført til mindre sjukdom, lengre levetid og betre livskvalitet.

Visste du at …?

Koppar er den einaste sjukdommen som er utrydda som følgje av vaksine. Utan vaksine ville omtrent 5 millionar menneske mist livet av koppar kvart år.

Vaksinar er viktige i helsevesenet, men blir også brukte i landbruk og industri for å hindre at sjukdom spreier seg. Det er til dømes fleire vaksinar ein er pålagd å bruke i fiskeoppdrett og kommersielt hønsehald. Kjæledyr kan også vaksinerast.

Relatert innhald

Hud og slimhinner hindrar mikroorganismar i å komme inn i kroppen, og fagocyttar "et" alle typar mikroorganismar som trenger gjennom barrierane.

Det spesifikke immunforsvaret består av lymfocyttar og er eit fleksibelt forsvar som tilpassar seg til bestemte smittestoff og hugsar dei for ettertida.

Kjelder

Myrvang, B. & Stuge, T. B. (2020, 1. oktober). Vaksinering. I Store norske leksikon. Henta 7. april 2022 frå https://sml.snl.no/vaksinering

OpenStax. (2018). Prevention and Treatment of Viral Infections. Henta 4. april 2022 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/21-3-prevention-and-treatment-of-viral-infections

Vicino, I., Pardhe, M. D., Moeller, K. (2020, 12. november). Vaccine Science. ASU – Ask A Biologist. Henta 20. april 2022 frå https://askabiologist.asu.edu/explore/vaccines

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø og Johan Reinert Vikan .
Sist fagleg oppdatert 27.04.2022

Læringsressursar

Vaksinar og antibiotika