Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Historia om mirakelmedisinen

Antibiotika blir rekna som ein mirakelmedisin mot mikrobielle sjukdommar og har redda millionar av liv. I 1945 fekk Alexander Fleming Nobelprisen for si oppdaging av penicillin. Bli kjend med Alexander Fleming, og drøft moglege konsekvensar av dagens antibiotikabruk.
Ein eldre mann med kvit frakk sit på eit laboratorium og undersøkjer ei agarskål med penicillin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Kven var Alexander Fleming?

  2. Kva er antibiotika, og kvifor omtaler vi dette giftstoffet som ein mirakelmedisin?

  3. Les utdraget under frå talen Alexander Fleming heldt då han tok imot Nobelprisen 11. desember 1945.

    Men jeg vil mane til forsiktighet. Ved all bruk og til alle formål er penicillin ikke-toksisk, derfor er det ingen grunn til å bekymre seg for å gi en overdose og forgifte pasienten. Men, det kan være en fare ved å underdosere. Det er ikke vanskelig å gjøre mikrober resistente mot penicillin i laboratoriet ved å utsette dem for konsentrasjoner som ikke er tilstrekkelig for å drepe dem, og det samme har også skjedd i kroppen.

    (Omsett av Jessica Lönn-Stensrud, 2016)

    1. Kva trur du Alexander Fleming meinte med utsegna han kom med i Nobel-talen sin i 1945?

    2. Er denne utsegna aktuell i dag? Grunngi svaret ditt.

  4. Forklar kva som blir meint med rett bruk, feilaktig bruk og overforbruk av antibiotika.

  5. Kva er konsekvensane av antibiotikaresistens?

  6. Helsevesenet vårt er avhengig av å bruke antibiotika. Korleis vil antibiotikaresistens kunne påverke dagens helsevesen?

  7. Kan du finne informasjon om bruken av antibiotika i Noreg i dag? Sjå etter informasjon om bruk i både helsevesenet, landbruket og oppdrettsnæringa. Diskuter den informasjonen du finn.

  8. Kan du finne informasjon om det globale forbruket av antibiotika i dag? Diskuter den informasjonen du finn, og samanlikn han med informasjonen du fann om bruken av antibiotika i Noreg.

  9. Basert på det du har funne ut, meiner du antibiotikaresistens er ein trussel mot di og andre si helse?

  10. Antibiotikaresistens er for mange vanskeleg å forstå. Kva er det som gjer at dette er vanskeleg å forstå, trur du?

Skriv eit debattinnlegg

Ta utgangspunkt i informasjonen du no har funne. Skriv eit debattinnlegg som fremjar ditt syn på bruken av antibiotika i Noreg eller globalt.

Slik skriv du eit debattinnlegg

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022

Læringsressursar

Vaksinar og antibiotika