Hopp til innhald

Fagstoff

Vaksinasjon og flokkimmunitet

Vaksinar gir direkte beskyttelse mot ein spesifikk sjukdom, men kan også førebyggje spreiing av smittsame sjukdommar i ein populasjon – sjølv om ikkje alle individa er vaksinerte. Flokkimmunitet er viktig for å beskytte sårbare individ i ein populasjon mot å bli sjuke.
Ein horde med gnuar på ein savanne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å leve i flokk er ein overlevingsstrategi

Å leve saman i større grupper er ein overlevingsstrategi for mange dyr. Å leve i flokk skaper samhald og moglegheit for samarbeid. Dette kan gi mange fordelar. Til dømes vil fleire individ vere på vakt mot farar, og dyra kan beskytte kvarandre ved angrep. I ein flokk er det gjerne både unge og eldre individ. Unge individ er meir uerfarne og kan vere eit lett bytte for rovdyr. Dei vil derfor ha spesielt stor nytte av slik flokkbeskyttelse.

Flokkimmunitet – beskyttelse av ein populasjon

Flokkimmunitet er flokkbeskyttelse mot smittsame sjukdommar. Individ som har vore smitta av ein infeksjonssjukdom, opparbeider immunitet som beskyttar mot ny smitte av den aktuelle mikroorganismen. Viss mange individ får sjukdommen og blir immune, vil overføringa av smittestoffet bli hindra. Det vil igjen redusere spreiinga av sjukdommen i populasjonen.

Ulempa med å gå gjennom sjukdommen for å opparbeide immunitet er at nokon blir svært sjuke og mange døyr.

Vaksinar kan gi beskyttelse på individ- og populasjonsnivå

Vaksinar skaper immunitet utan at organismen først må bli sjuk. Dei gir direkte beskyttelse mot ein spesifikk sjukdom, men kan også førebyggje spreiing av smittsame sjukdommar i ein populasjon. Når store delar av ein populasjon er vaksinerte, vil det vere vanskelegare for smittestoffet å spreie seg. Det kjem av at immunforsvaret til enkeltindivid vil drepe smittestoffet før det får moglegheit til å spreie seg vidare. Vaksinasjon vil derfor bidra til å hindre spreiing av smittsame sjukdommar sjølv om ikkje alle individa er vaksinerte. Dette skaper flokkimmunitet. Flokkimmunitet er viktig for å hindre at sårbare individ som ikkje kan ta vaksine, blir sjuke.

Plansje som illustrerer smitte og flokkimmunitet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ikkje alle kan vaksinerast

Når nye individ blir fødde, er ikkje immunforsvaret fullt utvikla. Nyfødde er derfor avhengige av antistoff frå morsmjølka. Dei kan ikkje få vaksine, sidan antistoffa i morsmjølka drep alle smittestoffa i vaksinen. Immunforsvaret hos nyfødde har med andre ord ikkje moglegheit til å lære frå ein vaksine.

Individ som er eldre, har andre sjukdommar eller har problem med immunforsvaret, kan bli alvorleg sjuke av ein vaksine. Det kjem av at immunforsvaret blir overarbeidd. Ein vaksine inneheld nemleg ei svekt utgåve av eller delar av ein mikroorganisme. I tillegg tilset ein ulike sambindingar som gjer at immunforsvaret lettare kjenner igjen smittestoffet. Nokre individ kan vere mot desse sambindingane, og dei kan derfor ikkje ta vaksinen. Dette gjeld heldigvis svært få.

Flokkimmunitet bidreg til å beskytte dei individa som av ulike grunnar ikkje kan ta vaksine. Viss mange nok er vaksinerte, kan sjukdommen bli utrydda.

Mange personar står på rekkje. Éin er smitta av ein infeksjonssjukdom, to er i ei sårbar gruppe, og resten er immune mot sjukdommen. Grafisk illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vaksinasjonsprogram

Noreg og fleire land i verda har etablert vaksinasjonsprogram for å gjere bestemte sjukdommar så sjeldne at dei som ikkje kan vaksinerast, også blir beskytta mot sjukdommane.

Barnevaksinasjonsprogrammet i Noreg

Barnevaksinasjonsprogrammet i Noreg omfattar alle dei vaksinane barn og ungdom får tilbod om, mellom anna

  • ein trippelvaksine mot difteri, stivkrampe og kikhoste

  • ulike vaksinar mot poliomyelitt, meslingar, tuberkulose (BCG) og raude hundar

Nokre vaksinar gir livslang beskyttelse, mens andre må fornyast.

I Noreg er det også mogleg å få vaksine viss du skal reise til område der nokre alvorlege sjukdommar er utbreidde. Du kan til dømes vaksinerast mot gulfeber og rabies. Les meir om reisevaksinar hos Helsenorge.

Faktorar som styrer flokkimmunitet

Flokkimmunitet krev at ein gitt del av populasjonen er immun mot sjukdommen fordi desse individa har vore sjuke eller teke vaksine. Denne delen er ulik for ulike sjukdommar. For sjukdommar som spreier seg raskt, må delen immune individ vere mykje større enn for sjukdommar som spreier seg langsamare.

Reproduksjonstalet (R-talet) er eit mål på kor raskt ein sjukdom spreier seg i ein populasjon. R-talet beskriv kor mange andre individ eitt individ i ein populasjon i gjennomsnitt klarer å smitte.

Tenk gjennom!

Kor mange vil eitt individ i gjennomsnitt klare å smitte viss R-talet er 1?

Kva må R-talet vere for at ein sjukdom skal døy ut?

Plansje som viser kor mange personar ein smitta person smittar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike R-tal

Vi skil gjerne mellom ulike R-tal:

  • R0 står for nullnivåreproduksjonstal og tek utgangspunkt i at ingen individ i populasjonen er immune mot sjukdommen.

  • Reff står for effektivt reproduksjonstal og tek utgangspunkt i at nokre individ er immune mot sjukdommen anten fordi dei har gått gjennom sjukdommen, fordi dei er vaksinerte, eller på grunn av andre tiltak som reduserer smittespreiing.

R0 blir brukt for å berekne kor stor del av ein populasjon som må vere immun for at populasjonen skal oppnå flokkimmunitet. Når ein del av populasjonen er immun, vil reproduksjonstalet gå ned, fordi ein mindre del av populasjonen vil vere mottakeleg for smitte. Reff er derfor lågare enn R0.

Viss delen av populasjonen som er immun, er større enn1-1R0, vil populasjonen ha oppnådd flokkimmunitet.

Når Reff er mindre enn 1, vil sjukdommen døy ut.

Relatert innhald

Dei fleste smittestoff blir stoppa av kroppen sitt eige forsvarssystem, men i nokre tilfelle kan det vere lurt å styrkje dette forsvaret med vaksinar.

Kjelder

Lydersen, S. & de Blasio, B. F. (2020, 15. desember). Hva er flokkimmunitet? Tidsskrift for Den norske legeforening. Henta 29. april 2022 frå https://tidsskriftet.no/2020/12/medisin-og-tall/hva-er-flokkimmunitet

Norsk helsenett (u.å.) Vaksiner og vaksinasjon. Helsenorge. Henta 29. april 2022 frå https://www.helsenorge.no/vaksinasjon/

Vicino, I., Pardhe, M. D., og Moeller, K. (2020, 12. november). Vaccine Science. ASU – Ask A Biologist. Henta 20. april 2022 frå https://askabiologist.asu.edu/explore/vaccines

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022

Læringsressursar

Vaksinar og antibiotika